Ola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Namnetrekket til forfattaren Ola Hansson.

Ola er eit manns- eller kvinnenamn som også kan brukast som slektsnamn. I nordisk tradisjon er det best kjend som mannsnamn med norrønt opphav. Ola har namnedag den 29. juli (olsok).

Opphav og tydingar[endre | endre wikiteksten]

Det nordiske namnet Ola er ei yngre form av Olav, som kjem frå det norrøne Óláfr, ei samantrekking av orda for 'stamfar' og 'etterkomar'. Olai, Ole og Oli er nærskylde namn. Olaug og Oline er kvinnelege former.

Joruba-namnet Ola tyder 'rikdom'. Medan det er eit mannsnamn i Nigeria, er det mykje brukt som eit kvinnenamn i USA.

Ola kan vera eit kvinnenamn i arabisk tradisjon, der ula kan tyda 'ære' eller 'høg rang', og i polsk tradisjon, der det er ei kortform av Aleksandra.

Etter indisk skikk kan namnet vera eit mannsnamn eller eit kastenamn. Det er også namnet på ei bengalsk gudinne, Ola devi.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Forfattaren Ola Jonsmoen.

Namnet har vore mykje brukt i Noreg frå gammalt av. Det er kjend frå namneparet Kari og Ola og nemningane Ola Nordmann og Ola Dunk, ulike nemningar på den «typiske» nordmannen. Namnet blei brukt av størst del ungar, nær 1,2 %, på 1880-talet, då statistikk første blei ført. Dei siste hundre åra har bruken halde seg nokså jamnt mellom 0,6 % og 0,3 %. I 2011 var det 9 230 norske menn som heitte Ola.

Namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Created Names: Obsner, Oldine, Omkar, Omo, Ontriel, Orencio», arkivkopi, arkivert frå originalen 2. august 2009, henta 27. juli 2009