Ola Bøe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ola Bøe
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. juli 1910
Død

9. september 1986 (76 år)
Bærum kommune

Yrke musikar

Ola Bøe (10. juli 19107. september 1986) var ein spelemann frå Vestre Slidre i Valdres. Han budde mange år i Oslo og var aktiv i Laget for folkemusikk saman med Kjetil Løndal og Torleiv Bolstad.

Ola vart fødd i Mogrend'n i Vestre Slidre, som son av Per Bøe og Rangdi Jakobsdotter. Per døydde tidleg, men Rangdi var god til å hulle slåttar, og ein eldre bror, Jørgen, spela og fele. Slike fekk Ola inn spel frå han var liten. Elles vart Ola lært opp av Andres Øde, Alf Moe og Olav Moe. Spelemannen Knut Sjåheim var halvbror av bestefar hans, og noko av spelet herfrå gjekk og i arv til Ola.

Ola Bøe kom til Oslo i 1935, og fekk snart mykje å gjera i Valdreslaget i Oslo. Her spela han mykje til dans i tida etter andre verdskrigen. Han heldt ei rekkje kurs i Valdres-spel, og lærte mellom anna opp yngre spelemenn som Harald Røine, Bernt Balchen jr. og Trygve Bolstad.

Ola Bøe vann LandskappleikenGeilo i 1969, med ei fele han hadde lånt av Odd Bakkerud. Elles spela Ola på ei fele han hadde laga sjølv, og det kunne stundom ta noko tid før Ola og fela hans kom på lone, som det heiter. Etter det spela han som ein foss. Han vann kongepokalen i 1973, søttiårsdagen til Laget for folkemusikk.

Frå 1953 var Ola Bøe og mykje innom Folkemusikkhalvtimen, og gjorde ei rekkje opptak for NRK i åra etter. Ola kunne mange slåttar med alderdommeleg dåm på sjeldne felestille, noko Rolf Myklebust gav han særleg ros for. Ola hadde eit særmerkt «upolert» spel. Elles kunne han stundom høyrast vrang ut, og var stundom ute etter å lure programleiarane ut på ville vegar med vendingane sine. Desse uttrykka er seinare mykje sitert: «E ska spela ei springar dei sea Styggen sko ha hulla då'n begrov more sine. E vait ikkje um det e sant, e. Ko tru'ru?»

Ola Bøe fekk Vestre Slidres Kulturpris i 1982.