Ola Dekko

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ola Dekko
Fødd27. juni 1858
Død9. februar 1950 (91 år)
OpphavNoreg
Verka sommusikar

Ola Amundsson Dekko (25. juni 18589. februar 1950) var ein norsk spelemann frå Ål i Hallingdal. Han budde mange år på Torpo. Sidan han hadde ein yngre bror som òg spela fele og heitte Ola, er han ofte vore kalla Store-dekken (dette er og namnet på ein springar som er etter han).

Ola Dekko fekk mykje spel etter Myreguten, og var mykje i lag med Tor Grimsgard på Nes. Grimsgard og Dekko møttest fleire vender i Ål med, og mykje av nedredalsspelet vart soleis omplanta til Ål. Ola Dekko var nyskapande, og bygde ut eldre og knappare slåttar til dei storformene som har vore nytta i dalen seinare. Han vart ei viktig kjelde for både Sevat Sataøen og Olav Sataslåtten. Spelet etter han er ofte kalla Dekkaspel, og har tydelege kjenneteikn. Slåttane Dekken nytta har ofte skyldskap nedetter dalen og i andre dalføre.

Ola Dekko var ein drivande dansespelemann. I mange år pla han halde ope hus på sundagskvelden, slik at ungdomen i bygda kunne koma inn og danse. Dekken spela då så lenge han makta. Når han så gjekk lei, kasta han gjestene ut utan meir snakk. Han skal òg ha vore ein medveten spelemann, og var ikkje støtt nøgd med korleis dei yngre spelemennene tolka slåttane hans. Elles kunne Dekken vera ein vrien spelemann å nytta, av di han ofte drakk seg full og kunne bli valdeleg. Men han hadde ord på seg for å vera den beste i Ål i si tid.

To av sønene, Knut Dekko og Botolv Dekko spela òg hardingfele, og sistnemnte var til stor hjelp då Arne Bjørndal kom innom Dekko etter slåttar i 1937. Bror til Ola, Vesle-dekken, var bestefar til stortingspolitikaren Hallgrim Berg.

Slåttar som Skinntrøya, Krullafuru og Basken er spela i tradisjon etter Dekken i øvre Hallingdal.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]