Ola Jonsmoen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ola Jonsmoen

Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. juli 1932 (91 år)
Alvdal
Yrke Lærar, rektor
Periode 1959-
Ektefelle Unni-Lise Jonsmoen
Debut Dagen, vinden og hjartet

Ola Jonsmoen (fødd 9. juli 1932 i Alvdal)[1] er ein norsk forfattar, lokalpolitikar og skolemann.

Han har gjeve ut fleire diktsamlingar, novellesamlingar, barnebøker, skodespel, skjemtebøker og romanar, fleire av bøkene er illustrerte av kona Unni-Lise Jonsmoen.

Han har skrive skodespela Ei fjellbygd (etter Nicolai Ramm Østgaards roman), Dei urolege av hjarte og Bak lengste mil; dei to siste oppførte i Tylldalsspelet i Tylldal. Jonsmoen var i ei årrekkje rektor ved Holmen vg skole på Tynset. Han skriv på nynorsk.

Jonsmoen har representert Venstre i kommunestyret i Alvdal i to periodar frå 1963 til 1971. Han vart vald inn på ny i 1995 og i 1999. Frå 1999 til 2003 var han varaordførar. Han har vore ein framifrå talsmann spesielt i kulturspørsmål i kommunen, mellom anna som mangeårig medlem av Hovudutvalet for kultur og fritid, og av bygdeboknemnda. Han har også vore medlem av Norsk Språkråd, Norsk kulturråd, Norsk bibliotekråd og nestleiar i Statens seniorråd.

For sitt mangeårige virke i kommunens kulturliv fekk han og kona Unni-Lise Jonsmoen Einar Steimoeggens Minnediplom i 1992.

Ola Jonsmoen fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 2002.

Verkliste[endre | endre wikiteksten]

  • Dagen, vinden og hjartet– dikt (1959)
  • Singeling for rare ting– barnebok (1961) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
  • Humle Brumle– barnedikt (1962) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
  • Omvegar– dikt (1967)
  • Timinan-Frikk og Peppar-Jon– barnebok (1968)
  • Godnatt alle snille– barnebok (1969)
  • Jonas ved Amasonas– barnedikt (1969)
  • I Blåfugl kro– noveller (1970)
  • Celle– dikt (1971)
  • Da vi fekk ein bror– barnebok (1971)
  • Luringar i sør og nord– barnebok (1971)
  • Den døde er død– skuespill (1972)
  • Om desse steinane tala– (1973)
  • Morn, røvarungar– barnebok (1973) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
  • Kabalmennesket– noveller (1974)
  • Flaggermus i grisehus– barnebok (1974) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
  • Liv i grenda– barnebok (1976) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
  • Fartsgrense null– viser og dikt for barn (1976) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
  • Fantasi og fakta– sakprosa, lærebok (1978) (saman med Atle Røhme)
  • Farlig ferd for fire– barnebok (1978)
  • Så glad at det kiler i foten– sangspel for barnekor (1978) (musikk ved Ellef Røe)
  • Til bekken etter vatn– diktsamling (1979)
  • Ei fjellbygd– musikkspel fritt etter Nicolai Ramm Østgaards En fjeldbygd – Billder fra Østerdalen (1979) (musikk ved Ellef Røe)
  • Morgonmat og synnavind– kåseri (1980) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
  • Ingen heltar i Snare-veien– barnebok (1981) (illustrert av Per Christiansen) / Bokmålsutgave Ingen helter i Snare-vegen (1980)
  • Filister.. hunden?– novellesamling (1981) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
  • Huset med alle vindauga– skuespill (1981)
  • Dei urolege av hjarte– olsokspel (1983) (musikk av Ellef Røe)
  • Endeleg min tur– barnebok (1984)
  • Ut å sjå og heim og dans– dikt (1985)
  • Middagshøgder– roman (1986)
  • Billett båe vegar– noveller for barn og ungdom (1986)
  • Utkanten midt i verda– (1988) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
  • Endestasjonar– noveller (1990)
  • Dreng. Hund og hann. Frå ein labradors liv– (1990) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
  • Flyktning i snøen– barnebok (1990) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
  • Sivil-Sara– billedbok (1993) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Skjoldlua. Kvardagsbruk og brukskunst– sakprosa (1993) (sammen med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Madeira-hanen– noveller (1994)
  • Nordspor– roman (1995)
  • Bikkjeredd– noveller for ungdom (1995)
  • Den store møteboka– sakprosa (1997) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Langpoteta– sakprosa (1997) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Den nye sjukeboka– sakprosa (1998) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Høgder over havet– diktsamling (1999) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen)
  • Boa struts– billedbok (2000) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Bak lengste mil– olsokspel (2001)
  • Minneboka. Stutt versjon– sakprosa (2001) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Vinterbrann– noveller (2002)
  • Meining som merkevare– essays (2003)
  • Lommeboka– sakprosa (2003) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Den vesle bygdeboka– sakprosa (2003) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Sølverglans og andre noveller– novellesamling (2005)
  • Skal vi synge eller slåss– epistler (2006)
  • Ansiktsløfteboka. Eit kunnskapsløft for folk som vil forandre sin skjebne– sakprosa (2007) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Utkant i kant på kanten– scenetekstar (2007)
  • Kentaur, men helst hest– dikt (2008)
  • Johannes i sporet. Hysj, hysj!– barnebok (2009) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Den naturvenlege hageboka– sakprosa (2009) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Dagboka– sakprosa (2010) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Johannes til fjells. Sjå, sjå!– barnebok (2010) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Ekteskapsboka. Bruksanvisning.– småbok (2011) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Johannes og villreinen. Hør, hør!– barnebok (2011) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Johannes og nordlyset– barnebok (2012) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Betonggras– noveller (2012)
  • Johannes og bjørnen– barnebok (2013) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Nesting– dramatikk (2013)
  • Johannes i vinden– barnebok (2014) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Joggeboka– sakprosa (2014) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Ametyst– roman (2014)
  • Johannes i snøen– barnebok (2015) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Hytteboka– sakprosa (2015) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Johannes i juli– barnebok (2016) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Den som baker brød har gode hender– noveller (2016)
  • Gammal og god– sakprosa (2016) (saman med Unni-Lise Jonsmoen)
  • Det står til liv– dikt (2017)
  • Lystig låt og mindre gråt– viser (2019) (illustrert av Unni-Lise Jonsmoen, melodiar av Ellef Røe og Knut Stiklestad)
  • Milla nordasno og synnavind. Undringar og ytringar.– essays (2019)
  • Mann i blå dress– noveller (2019)
  • Blåknute– roman (2020)

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ola Jonsmoen». forfatterkatalogen.no. Henta 14. september 2017. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]