Ola Stavseng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ola Stavseng
Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. oktober 1949 (74 år)
Stordal
Yrke bilethoggar
Nettstad http://olastavseng.no/

Ola Stavseng (fødd 31. oktober 1949 i StordalSunnmøre) er ein norsk bilethoggar. Han arbeider i eit klassisk figurativt formspråk, i tradisjonelle material som leire, gips, tre, terracotta, bronse, granitt og marmor. I yrket som biletkunstnar er han plassert både i tradisjonen av internasjonal europeisk - og norsk kunst.

Stavseng har statuar ståande i mellom anna Stordal, Ålesund, Sykkylven, Hareid, Fosnavåg, Brattvåg, Rauma, Sunndalsøra.

Han utfører utsmykkingsoppdrag, minnesmerke, portrett og frie arbeid, utført av rundskulptur eller relieff. Frå 1970 har arbeida hans vorte presenterte i utstillingar i inn- og utland og innkjøpt til ulike private og offentlege kunstsamlingar i Noreg og andre land. Sidan 1974 har han også i periodar gjeve undervisning innan kunstfag som skulptur og teikning på ulike nivå; kunsthøgskule, kunstfagskule og ungdomsskule.

Han er son av Ole Gustav Stavseng.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Stavseng har kunstutdanning frå Noreg, Sverige og Italia. Han budde og arbeidde i Italia periodane 1976–1980 og 1983-1993. Sidan har han vore busett i heimbygda Stordal.

Dei fyrste studieåra gjekk i stor grad med til å orientere seg innan ulike modernistiske formspråk etter som desse kom til å prege samtidskunsten. Ved mange års opphald i Roma og Toscana vart han godt kjend med gresk og italiensk biletkunst, ikkje minst ved flittige besøk i kyrkjer og kunstmuseum. Her kunne han m.a. studere på nært hald store kunstverk frå italiensk renessanse.

Han fekk også teke til seg av kunnskap og innsikt i handdverk og teknikk i det sterke fagmiljøet som ein enno finn i m.a. bronsestøyperi og marmorstudio i Carrara og Pietrasanta.

Etter to år ved Scuola Del Marmo i Carrara, gav eit vidare opphald i det sterke fagmiljøet her og i Pietrasanta og også stort utbytte. I bronsestøyperiet Tommasi fekk han særs nyttig praksis takka vere stor velvilje frå støypemeister Massimo Del Chiaro. Arbeid ved støyperi og Versliese og Mariani gav også rik erfaring. I verkstaden til m.a. Jacopo og Ricardo Giannoni, fekk han verdifull forståing for utføring av skulptur i marmor.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]