Ola T. Lånke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ola T. Lånke (2009)
Foto: Kjetil Ree

Ola Torgeir Lånke (fødd 18. mars 1948) i Rennebu) er ein tidlegare norsk stortingsrepresentant (KrF) og prest. Han har graden cand.theol. frå Menighetsfakultetet 1977.

Han blei vald inn på Stortinget frå Sør-Trøndelag i 1993. Lånke fråsa seg gjenval i 2009. I si tid på Stortinget har Lånke arbeidd lengst og mest med kultur- og mediaspørsmål. Han var saksordførar for ulike saker som ABM-meldinga (arkiv, bibliotek og museum), for Operasaka i fleire omgangar, opprettinga av Digitalt bakkenett for fjernsyn og utflytting av statlege tilsyn mfl.

Før han blei vald til Stortinget, var han stiftskapellan med ansvar for personalspørsmål i Nidaros bispedømme. Han var medlem av Trondheim bystyre 1991-1993 (varamedlem 1987-1991). Han er gift med Berit Lånke, dagleg leiar for Nidaros Pilegrimsgård. Berit Lånke har òg presteutdanning og har vore nemnd ved fleire bispenominasjonar.

Lånke søkte i 2010 stillinga som fylkesmann i Sør-Trøndelag, men sjølv om han av nokre blei rekna som favoritt [1], fekk han ikkje denne posten da utnemninga fann stad 10. juni 2011.

Frå 2011 har han vore ordførar i Rennebu kommune.

Stortingets presidentskap[endre | endre wikiteksten]

Medlemskap i regjering[endre | endre wikiteksten]

  • 1990: Politisk sekretær i Kultur- og kyrkjedepartementet

Stortingskomitéar[endre | endre wikiteksten]

  • 2006-2009 medlem av Kontroll- og konstitusjonskomitéen
  • 2006-2009 medlem av Den utvida utanrikskomitéen
  • 2005–2006 medlem av Kyrkje-, utdannings- og forskingskomitéen
  • 2001–2005 medlem av Familie-, kultur- og administrasjonskomitéen
  • 2001–2005 varamedlem av Valkomitéen
  • 1997–2001 medlem av Familie-, kultur- og administrasjonskomitéen
  • 1993–1997 sekretær i Kommunalkomitéen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]