Ola og Kari Nordmann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg Ola Nordmann av Plumbo.
Ola Nordmann er tradisjonelt blitt framstilt i bunad med raud (nisse)lue. Dette er ein vitseteikning frå Vikingen i 1905 av Olaf Krohn. Ola Nordmann må bera heile to folkerøystingar (om unionsoppløysinga og monarkiet) på eitt år. Ei leande Europa ser på.

Ola og Kari Nordmann eller berre Ola og Kari er eit omgrep for vanlege nordmenn.[1] Det blir mykje brukt i media, til dømes i snakk om folket som heilskap,[2] om typiske eller gjennomsnittlege nordmenn.[3] Namna er også brukt som døme i utfylling av skjema, lik Nomen nescio, NN.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

I 1844 gav Henrik Wergeland ut boka Skåltaler, 474 samlede og utgivene av Ola Nordmann. I 1915 blei namnet brukt for å skildra den vanlege nordmannen og i 1926 for å omtala nordmenn.[4] Seinare la ein til ei Kari Nordmann. Namna Ola og Kari har lenge vore mykje brukte i Noreg, og har nordisk opphav.

Ola Dunk er eit avleidd namn brukt om ein typisk nordmann med dårlege eigenskapar.

Tilsvarande namn i andre land[endre | endre wikiteksten]

I Sverige er Medelsvensson brukt om den typiske svensken, i Danmark Herr Sørensen og i Tyskland Otto Normalverbraker.[4]

I USA er John og Jane Doe eller Average Joe brukt på same måte.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ola_nordmann» i Nynorskordboka
  2. Kristin Kværnsveen, Ola og Kari Nordmann er rundlurt, naturvernforbundet.no, 10.12.2010
  3. Dette er Kari og Ola ved Statistisk Sentralbyrå, "Kari og Ola Nordmann" feirer jul hjemme, boarding.no, 26.12.08; Tom M. Hansen, Ola og Kari Nordmann er kaffe-kresne, massiv.no; Dag-Jørgen Saltnes Ola og Kari satser på eiendom, 27. august 2007
  4. 4,0 4,1 Hvem er Ola Nordmann?, NRK.no, 01.07.2002