Olaf Amundsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Olaf Amundsen (13. mai 187612. desember 1939) var ein sakførar, embetsmann, stortingsmann og statsråd, fødd i Tromsø. På Stortinget representerte han fyrst Frisinna Venstre, seinare Venstre. Leiar av Justisdepartementet frå 1921 til -22.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Amundsen var son til ein prest. Han voks opp i Bindal og seinare i Skjerstad. I 1893 vart han student som privatist etter eit to-årig kurs ved Hauges Minde, ein skule i Kristiania. Fem år seinare vart han cand. jur. frå universitetet i same byen. Amundsen arbeidde eit par år i Salten og i Bodø, der han i 1900 byrja å føre saker for overretten, høgsterettsadvokat frå 1904. Frå 1908 var han busett i Bodin.

Amundsen representerte krinsen Søndre Salten på Stortinget i tre påfylgjande periodar; frå 1910 til 1918. Den fyrste treårsperioden representerte han Frisinna Venstre og var nestformann i sosialkomiteen og medlem av reguleringskomiteen, samt medlem av Lagtinget. Gjennom sitt arbeid i reguleringskomiteen var han ein sentral person i utforminga av vassdragslova. Frå 1913 representerte han Venstre og var då medlem av jarnbanekomiteen og den forsterka justiskomite nr 1. I 1917 vart han overført til skog- og vassdragskomiteen, der han vart vald til formann.

Frå 1918 arbeidde Amundsen som sorenskrivar i Fosen. 22. juni 1921 vart han utnemnd til justisminister i Otto Blehrs andre regjering. Fjorten månader seinare gjekk han ut av regjeringa, og var sidan fylkesmann i Nordland til 1939, det året han døydde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]