Olaf Devik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olaf Devik

Fødd20. desember 1886
Gjerdrum kommune
Død14. april 1987
Oslo
NasjonalitetNoreg
Yrkefysikar, meteorolog, geofysikar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Noregs tekniske høgskole
Alma materUniversitetet i Oslo
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Olaf Martin Devik (fødd 20. desember 1886 i Gjerdrum, død 14. april 1987 i Oslo) var ein norsk fysikar og administrator.

Han tok cand.real. i 1911 og studerte fysikk i Heidelberg 1913–1914. Han vart amanuensis i fysikk ved Universitetet i Oslo i 1914 og tok dr.philos. i 1931. I 1915 fekk han i oppdrag å organisere vêrvarsling og meteorologisk teneste for Nord-Noreg saman med Ole Andreas Krogness. Han vart tilsett ved Halddeobservatoriet frå 1915 til 1918 og ved Geofysisk institutt i Tromsø frå 1918 til 1922. Frå 1922 var han dosent i fysikk ved NTH og dessutan lærar ved Noregs lærarhøgskule frå 1923 til 1932. Han var medlem av Chr. Michelsens institutt frå 1932 til 1938 og ekspedisjonssjef for kulturavdelinga i Kirkedepartementet 1938–1956.

Devik er kjent som pedagog og lærebokforfatter. Han har offentleggjort ei rekkje populærvitskaplege artiklar i dagspresse og tidsskrift. Som leiar av forskingsarbeida ved Chr. Michelsens institutt har han utført viktige studium over ultraraud stråling, ulike belysningsspørsmål og korleis lyd breiar seg i lufta, med omsyn på bruk for å tryggje skipsfarten langs kysten.

Frå 1943 til 1945 var Devik i London som ekspedisjonssjef for Kirkedepartementet der. Etter andre verdskrigen la han ned eit stort arbeid med å bringe undervising og forsking ved norske høgare læreanstaltar på fote att, mellom anna ved skipinga av dei vitskaplege forskingsråda. Har utgjeve Blant fiskere, forskere og andre folk (1971).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]