Olaf Dufseth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olaf Dufseth


Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. desember 1917
Vang
Død

22. september 2009 (91 år)
Rena

Idrett langrenn, kombinert
Tok del i

Vinter-OL 1948

Olaf Dufseth (19. desember 191722. september 2009) var ein norsk kombinertrennar, langrennsløpar og gardbrukar. I 1947 og -48 vann han til saman tre NM-medaljar. Han var fødd i Vang i Hedmark og representerte Vang Skiløperforening.

Dufseth dreiv eit småbruk på Rena og døydde der i 2009.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Dufseth fekk to sølvmedaljar under noregsmeisterskapen på ski for 1947. I kombinert vart han berre overgått av Simon Slåttvik, medan han på 18-kilmeteren kom i mål på ei tid 18 sekundar svakare enn noregsmeisteren Erling Evensen, og på same tid som Leif Slagtern. Året etter vart Dufsethn i NM slått av to mann i kombinert, noregsmeisteren Per Sannerud og Ottar Gjermundshaug.

Dufseth fekk så delta for Noreg under OL 1948 i St. Moritz. Der fekk han med seg ein åttandeplass i kombinert og vart nummer 18 i 18 kilometer langrenn.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1947: Nr 3 i Holmenkollen i kombinert
  • 1948: Nr 8 i vinter-OL i St. Moritz og nr 5 i Holmenkollen, begge i kombinert
  • 1952: Nr 9 på femmila i Holmenkollen

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • (en) Olaf Dufseth – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.