Olav Christopher Jenssen
Olav Christopher Jenssen (fødd 2. april 1954 på Sortland) er ein norsk biletkunstnar.
Han tok utdanning ved Statens handverks- og kunstindustriskole og Statens kunstakademi i Oslo.
Jenssen er rekna som ein av dei mest respekterte nolevande norske kunstnarane, med ein betydeleg internasjonal karriere. Han har i ei årrekkje budd og arbeidt i Berlin, og i åra 1996 til 2003 var han professor i målarkunst ved Hochschule für Bildende Künste i Hamburg. I 1992 vart han, som hittil einaste norske kunstnar, vald ut til å stille ut ved den prestisjefylte utstillinga documenta i Kassel, Tyskland.
Maleriserien «Lack of Memory» (1992) vart kåra til eit av Morgenbladets 12 viktigaste kunstverk.
Jenssen spela elles fotball for fotballaga Lillestrøm og Lyn på 70-talet.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Artfacts.net
- Galleri Riis Jenssens galleri i Oslo.
- Store Norske Leksikon om Jenssen.
Kjelde [endre]
- Omsett frå Wikipedia på bokmål, innhenta måndag 4. januar 2010, klokka 21:12.