Olav Engelbrektsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Olav Engelbrektsson (14807. februar 1538) eller Olav Engelbriktsson var den siste av dei katolske erkebispane i Noreg. Han prøvde å hevda norsk sjølvstende og føra vidare den norske katolske kyrkja trass i den lutherske reformasjonen.

Olav Engelbrektsson var fødd i Trondenes i Noreg. Han var katolsk erkebiskop i Nidaros (Trondheim) i tida frå 1523 til 1537. Då Olav Engelbrektsson måtte reisa utomlands i 1537 markerte det slutten på erkebispesetet i Nidaros. Det markerte òg slutten på eit visst norsk sjølvstende. I tida etterpå kom Noreg meir direkte inn under styre frå Danmark. Etter erkebiskopens arkiv har vi Olav Engelbrektssons jordebok.

Konflikt med kongen[endre | endre wikiteksten]

Etter at kong Christian II var driven ut or rika sine valde ein i Danmark Frederik I til konge. Erkesbiskopen av Nidaros nekta å krona Frederik. Erkebiskop Olav lét byggja opp ein stor flåte, og hadde frå slutten av 1520-talet makta i Noreg nord for Sognefjorden.

Olav allierte seg med Christian II, men Christian sitt tokt til Noreg i 1531 slo feil. Olav hadde planar om at svigersonen til Christian, Frederik av Pfalz, skulle verta katolsk konge av Noreg. Olav lét dei danske medlemene av det norske riksrådet arrestera, og lét mellom anna Vincens Lunge drepa. Planen mislukkast, og Olav måtte reisa ut av landet. Han forlét Nidaros 1. april 1537. Han døydde i Lierre i hertugdømet Brabant (no i Belgia) den 7. februar 1538.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Hoem, Edvard: Kom fram, fyrste! Roman om erkebiskop Olav Engelbriktsson, Oslo 2004. ISBN 82-495-0199-3
  • Koht, Halvdan: Olav Engelbriktsson og sjølvstende-tapet 1537, Oslo 1951.
  • Råna, Lise: «... ei gåte i norsk politikk» : en studie av synet på erkebiskop Olav Engelbrektsson i norsk historieforskning. Hovedoppgåve i historie - Universitetet i Bergen 2003.
  • Beek, Dag Johan:Erkebiskop Olav Engelbrektssons siste leveår 1533-1538-et politisk sluttspill eller utgangspunkt for en norsk "motreformasjon"? hovedoppgåve i historie.Universitetet i Bergen 2004.