Olav III av Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Olav III Haraldsson var son av kong Harald III Hardråde. Han vart fødd om lag år 1050 og døydde i år 1093, og var konge av Noreg frå 1067 til 1093. Olav III Haraldsson vert ofte omtala som Olav Kyrre. Tilnamnet «Kyrre» tyder «den fredsame» eller «den stille».

Han var med i hæren til Harald Hardråde då han reiste til England, men han var ikkje med i slaget ved Stamford bru i 1066. Då han året etter kom heim til Noreg, vart han innsett som konge saman med broren sin, Magnus II Haraldsson. Magnus døydde allereie i 1069, og Olav vart då konge åleine.

Olav Kyrre skal ha grunnlagt Bergen by i 1070. Olav Kyrre sin einaste son, Magnus III Olavsson Berrføtt, tok over som konge då faren døydde i 1093 i Håkeby, Tanum. Gravlagd i Nidaros (Trondheim).

Soger om Olav Kyrre og andre norske kongar er nedskrivne av islendingen Snorre Sturlason i Heimskringla.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]