Olav II av Noreg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Olav II Haraldsson
Konge av Noreg
Regjeringstid 1015-1028
Fødd 995Gvarv
Død 29. juli 1030Stiklestad
Føregjengar Ladejarlane Eirik og Svein Håkonsson
Gift med Astrid Olofsdotter av Svitjod
Born Magnus I av Noreg

Olav II Haraldson også kalla Heilag-Olav eller Olav Digre, fødd 995Gvarv[1], død 29. juli 1030Stiklestad, var konge av Noreg frå 1015 til 1028. Han vart gjort til helgen etter å ha vorte drepen under slaget på Stiklestad, og vart deretter rekna for å ha innført kristendommen i heile Noreg på ein varig måte. Helgenattributt for Sankt Olav er ei stridsøks.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Kongen er truleg mest kjend under namnet Olav den heilage eller Heilag-Olav. På norrønt språk var han kalla Óláfr hinn helgi. Andre namn på han er Olav Haraldsson, Olav Digre, og som helgen Sankt Olav og St. Olav, på svensk S:t Olof, engelsk Saint Olaf. Namnet Olav kan òg verta skrive Olaf eller Olaus, svensk Olof av Norge, latin Olavus rex.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Olav var son av Harald Grenske, ein norsk småkonge, og Åsta Gudbrandsdotter. Han vart gift i 1019 i Sarpsborg med Astrid Olofsdotter av Svitjod (Sverige), som var dotter til Olof Skötkonung av Sverige og Edla. Sonen deira var Magnus I Olavsson. Dottera var Ulvhild Olavsdatter, f. 1020 i Borg, d. i Saksen 24 mai 1071; g. m. Ordulf av Saksen (1020 - 1072).

Død[endre | endre wikiteksten]

Sankt Olav med helgen-attributt. Kalkmåleri i Överselö kyrka i Sverige. (Foto: Klaus Fuisting).
Bilete på eit altarfrontale (forstykke til altarbord) av tre frå mellomalderen som syner kong Olavs død. Altarfrontalet er å sjå på eit sidealtar i Nidarosdomen i Trondheim.
Heile altarfrontalet; biletet av kong Olavs død nede til høgre. Heile biletserien på frontalet skildrar Olav som konge og helgen.

Olav døydde i slaget på Stiklestad den 29. juli 1030, og som helgen vert han feira den 29. juli: Olsok eller «Olavsvaka». I Nidaros vart det i mellomalderen reist ei praktfull kyrkje til ære for Sankt Olav, og leivningane etter han plassert i kyrkja, som etter kvart vart kalla Nidarosdomen. I mellomalderen var Sankt Olav ein viktig helgen i heile Norden, og Nidaros ein valfartsstad for pilegrimar frå heile Norden og andre land[2].

Etter dei opplysningane Snorre Sturlason gjev i soga om Olav dei heilage, døyr kong Olav av hogg i halsen, magen og låret. Snorre hevder at Torstein Knarresmed fyrst hogg kongen i låret med ei stridsøks, og at kongen deretter la seg opp mot ein stein, kasta våpna frå seg og gav opp kampen. Så hogg Kalv Arnesson den forsvarslause kongen i halsen med eit sverd, og høvdingen Tore Hund stakk kongen med eit spyd opp under brynja og inn i magen. Framstillinga som Snorre gjev, samsvarer med mange av bileta frå mellomalderen av korleis kong Olav døydde, mellom anna med motivet på ein portal som er teke vare på frå den nedrivne Hemsedal stavkyrkje, som har som tema kong Olavs martyrium og status som kristusliknande helgen.

Framstillinga på stavkyrkjeportalen frå Hemsedal syner at den krafta og styrken som Sankt Olav vart tillagt som kristningshelgen har basis i den framgangsmåten som dei tre heidne krigarane fylgde då dei drap kongen under slaget på Stiklestad, kombinert med måten kongen oppførte seg på i denne samanhangen. Både i Snorres skildring og i mellomalderens biletlege framstillingar, er drapet av kongen gjeve preg av eit heident kultdrap innanfor ein kristen, mytisk ramme. Denne framstillinga av drapet av kongen som ei menneskeofring etter heidenske kultiske framgangsmåter, danna i sin tid grunnlaget for at Sankt Olav (altså den døde og heilaggjorte, himmelske kongehelgenen) fekk ei mytologisk basert verknad i heidne samfunn, slik det går fram av at det heidne Trøndelag kunne leggjast under kristen kongemakt utan væpna kamp kort tid etter Sankt Olavs død og heilagkåring[3].

Det var altså fyrst etter å ha døydd og og vorte heilagkåra at kong Olav klarte å kristne Norge. Dette var sjølvsagt ikkje den brutale og maktsjuke krigarkongens eigen forteneste, men ei fylgje av at kyrkja og kongemakta fekk i stand ei soge om han og den særeigne måten han døydde på som kunne nyttast som ein hendig og verknadsfull reiskap i kristningsarbeidet. På bakgrunn av biletmaterialet frå mellomalderen er Snorres skildring av kong Olav og hans død soleis først og fremst å sjå på som ei attgjeving av ei formfullendt helgenlegende som hadde til hensikt å fremje og konsolidere kristendommen og kristen konge- og kyrkjemakt i både heidne og kristne samfunn.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Per Simon Mustvedt (7. desember 2011). Thorstein fann Olav den helliges fødested. nrk.no.
  2. Rumar (red.) 1997: Helgonet i Nidaros
  3. Hoftun 2002, side 94-105; Hoftun 2008

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Ein kan lesa om Olav som konge og helgen i mellom anna Heimskringla, ei samling av norske kongesoger, av islendingen Snorre Sturlason. ISBN 82-521-4711-9

  • Passio Olavi - Lidingssoga og undergjerningane åt den Heilage Olav; Oslo 1970. ISBN 82-521-4397-0
  • Hoftun, Oddgeir. Stavkirkene - og det norske middelaldersamfunnet, Copenhagen 2002; Borgens Forlag. S. 94 - 105. ISBN 87-21-01977-0
  • Hoftun, Oddgeir. Kristningsprosessens og herskermaktens ikonografi i nordisk middelalder, Oslo 2008; Solum Forlag. ISBN 978-82-560-1619-8
  • Lidén, Anne; Olav den Helige i Medeltida Bildkonst, Legendmotiv och attribut; Monographs. KVHAA. Stockholm 1999. Vitterhetsakademien. ISBN 91-7402-298-9. (Abstract and summary in English: Saint Olav in Medieval Pictorial Art. Narrative Motifs and Attributes.)
  • Rumar, Lars (red.). Helgonet i Nidaros : Olavskult och kristnande i Norden, [Stockholm] 1997. ISBN 91-88366-31-6.
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Olav II av Noreg