Olav Jordet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Olav Jordet (fødd 27. desember 1939) frå i Vingelen i Tolga i Hedmark er ein tidlagere skiskyttar og skyttar. I 1965 var han den første frå Noreg som vart verdsmeister i skiskyting. Han tok også VM-gull i stafett under VM i skiskyting 1966 og 1967. Jordet var medlem av Vingelen Skytterlag.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Jordet tok bronse på 20 kilometer i OL i 1964, på plassen føre landsmannen Ragnar Tveiten. Einast sovjetarane Vladimir Melanjin og Aleksandr Privalov brukte mindre tid. Året etter vart han verdsmeister på Elverum. Med treff på 19 av 20 moglege, kom han i mål vel 22 sekundar føre Nikolaj Puzanov frå Sovjetunionen. På stafetten over 4 x 7,5 km gjekk Jordet tredjeetappen og sikra saman med Ola Wærhaug, Ivar Nordkild og ankermannen Ragnar Tveiten norsk siger.

I 1966 vart Jordet staffetmeister i VM for andre gongen, han gjekk andreetappen etter Nordkil, medan Jon Istad gjekk tredje etappe og Tveiten avslutta som sist. Jordet og Tveiten vann i 1967 sitt tredje VM-stafettgull, samam med Wærhaug og Istad. Under svært vanskelege tilhøve i Altenberg i dåverande DDR, kom Noreg i mål på tida 2.52.41, heile 10 minuttar og 30 sekund før sølvlaget frå Sovjetunionen. Jordet gjekk på ny andreetappen, noko han også gjorde då han var med på stafettlaget som tok OL-sølv i Grenoble i 1968. Dei andre på laget var Wærhaug, den individuelle olympiameisteren Magnar Solberg og førnemnde Istad.

Jordet har fleire NM-titlar i skiskyting og skifeltskyting. Som ein av få skyttarar har han to napp i 'Officerspokalen' 1961 og 1966.

Han vart tildelt Morgenbladets Gullmedalje i 1965 for sin VM-siger.

Jordet la opp som skiskyttar i 1968.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1961: Nr 15 på 20 km under VM i Umeå
  • 1962: Nr 10 på 20 km under VM i Hämäänlinna
  • 1963: Nr 10 på 20 km under VM i Seefeld
  • 1964: Bronsemedalje på 20 km under vinter-OL i Innsbruck
  • 1965: Verdsmeister på 20 km under VM i Elverum. Gullmedalje i 4 x 7,5 km stafett
  • 1966: Gullmedalje i 4 x 7,5 km stafett under VM i Garmisch-Partenkirchen
  • 1967: Gullmedalje i 4 x 7,5 km stafett under VM i Altenberg
  • 1968: Sølvmedalje i 4 x 7,5 km stafett under vinter-OL i Grenoble

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar