Olav Martinius Steinnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olav Martinius Steinnes

Fødd9. januar 1886
Ørsta kommune
Død26. juni 1961 (75 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet, Nasjonal Samling
Yrkelærar, politikar
Utdanna vedVolda lærarhøgskule
Alle verv

Olav Martinus Knutsen Steinnes (9. januar 188626. juni 1961) var ein norsk politikar, statsråd i den fyrste regjeringa utgått frå Arbeidarpartiet.

Steinnes voks opp på husmannsplassen Steinane under Ytre Steinnes i Ørsta. Han avla lærareksamen ved Volda Lærarskule i 1910. Dei to påfylgjande åra var han lærar i Namdalen, deretter var han ei rekke år lærar i Rjukan i Telemark. Skulestyrar der frå 1920.

Han var medlem av Tinn heradstyre frå 1915, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet 1922-36. I 1928 var han statsråd og sjef for Kyrkje- og undervisingsdepartementet (kyrkje- og undervisningsminister) i den kortliva Hornsrud-regjeringa.

Under okkupasjonen vart han medlem i Nasjonal Samling. I 1947 vart han dømd til seks månaders fengsel, tap av stilling med meir. [1]

I tida frå 1935 til 1956 var han skuledirektør for Agder og Stavanger. Dei siste leveåra sine budde han på Stabekk i Bærum i Akershus

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Dale, Bjørn Jonson:Ørstingar I, 1995

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Hovdebygdingar - med vit og von, skrift nr. 11 2003, red. Roar Rønning (Artikkel: Fattigguten ved kongens bord av Skjalg Longva)

Fotnote[endre | endre wikiteksten]