Olav Meisdalshagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Olav Meisdalshagen i 1946
Foto: Ørnelund, Leif / Oslo Museum

Olav Meisdalshagen (17. mars 190321. november 1959), fødd i Nord-Aurdal i Oppland, var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han var stortingsrepresentant for Oppland fylke frå 1937 til han døydde. I to regjeringar var han statsråd, fyrst finansminister (1947-51) i Gerhardsen si andre regjering, og så landbruksminister (1955-56) i Gerhardsen si tredje regjering.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Meisdalshagen gjekk Voss Landsgymnas, som den gong var 2-årig. Ei tid arbeidde han som journalist, før han avla eksamen til cand. jur. ved universitetet i Oslo i 1932. Årå 1931 til -40 var han med i heradstyret i Nord-Aurdal.

Han var overrettssakførarFagernes frå 1935 til 1937. I denne tida arbeidde han mykje som gjeldsmeklingsmann i Lånekassa for jordbrukarar. Han var formann i Driftskredittkassa for jordbruket 1936 til -40, og på ny 1945-47.

Stortingssesjonane for åra 1934-36 var Meisdalshagen vararepresentant til stortinget. Ved stortingsvalet hausten 1936 kom han inn på Stortinget for Oppland Arbeidarparti. Sidan vart han attvald ved alle stortingsval, og sat på Stortinget til han døydde.

Under 2. verdskrigen tok han del i motstandsarbeidet under okkupasjonen som områdesjef for Milorg i Valdres. 1944 flykta han til Sverige, var ei tid i Stockholm, kom seinare over til London.

1946 vart Meisdalshagen formann i den nyoppretta Statens Husbank, ein posisjon han hadde til han kom med i regjeringa året etter. Formann på ny då han gjekk ut av regjeringa i 1951.

Meisdalshagen blei finansminister i Einar Gerhardsen si andre regjering mellom 1947 og 1951, etter forslag frå den redaktøren i Arbeiderbladet Martin Tranmæl.[1][2] Då Gerhardsen kom tilbake som statsminister i 1955, blei Meisdalshagen landbruksminister. Han gjekk av frå dette vervet i 1956. Meisdalshagen var medlem av Arbeidarpartiet sitt sentralstyre frå 1957 til han døydde.

Frå 1952 til 1959 var Meisdalshagen styreformann i Norges Kooperative Landsforening.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok. VIII. Bandet. Fonna Forlag, Oslo (1958?)

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Gerhardsen, Einar: Samarbeid og Strid - Erindringer 1945-1955, Tiden Norsk Forlag 1971
  2. Einar Lie: Ambisjon og tradisjon - Finansdepartementet 1945-1965. Universitetsforlaget 1995

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Biografi på Stortingets nettside