Olav N. Økern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Olav Nilssen Økern (3. juni 191111. april 2000) var ein norsk langrennsløpar. Han konkurrerte i 1930- og 40-åra og representerte Bærums skiklub. I 1948 vann han ein OL-bronse for Noreg under vinter-OL i St. Moritz og i 1938 eit VM-sølv, begge i 4x10 km stafett.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Økern var med på det norske sølvlaget på stafetten under VM 1938. Vinteren 1940 vann han 18-kilometeren i Holmenkollen.

Under andre verdskrigen var Økern tillitsmann på skifabrikken Splitkein i Oslo og vart arrestert etter Mjølkestreiken. Han sat i tukthus i nærleiken av Hamburg til han vart sett fri i 1942.

Etter verdskrigen var over kom Økern i 1946 på femteplass på 18 km i Holmenkollen. Under OL i 1948 i St. Moritz vart han nummer 13 og nest beste nordmann på 18 km. Sidan i olympiaden gjekk han andreetappen for det norske stafettlaget som vann bronsemedaljen, dei andre løparane var Erling Evensen, Reidar Nyborg og Olav I. Hagen.

Økern deltok også i OL i 1952 i Oslo, og nær 41 år gammal vart han nummer fire på 50 km. Same året vart han også nummer fire på femmila i Holmenkollen, men det var eit renn utan internasjonal deltaking.

Økern vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1950. Onkelen Harald Økern fekk Holmenkollmedaljen i 1924.

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1946: Nr 4 på 18 km
  • 1948: Nr 5 på 18 km på Lillehammer
  • 1949: Nr 10 på 18 km på Steinkjer
  • 1950: Bronsemedalje på 30 km
  • 1951: Nr 4 på 50 km i Narvik
  • 1952: Sølvmedalje på 50 km på Eidsvoll og bronsemedalje på 30 km i Porsgrunn

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • P.Chr. Andersen: Den nye olympiaboken. 1957
  • FIS-profil
  • (en) Olav N. Økern – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.
  • Bokmålskwikipedia