Olav Søfteland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Olav Søfteland (fødd 8. november 1937) var i tida frå 1992 til 2007 vegdirektør og øvste leiar for Statens vegvesen.

Søfteland vart fødd i Os. Han tok i 1960 eksamen som sivilingeniør frå Norges Tekniske Høyskole. Frå 1978 til 1981 var han vegsjef i Buskerud, trafikkdirektør frå 1981 til 1990. Deretter var han teknisk direktør i Vegdirektoratet inntil han fekk stillinga som vegdirektør. Søfteland gjekk av frå stillinga som vegdirektør grunna kritikk i samband med rasa i Hanekleivtunnelen i 2007.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]