Olav Sletto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olav Sletto
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. juni 1886
Hol kommune
Død

24. oktober 1963 (77 år)
Hol kommune

Yrke skribent
Born Eva Sletto

Olav Sletto (fødd 21. juni 1886 i Hol, død 24. oktober 1963) var ein norsk forfattar.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Mor til Olav Sletto var Anne Jensdotter Sletto, 19 år gammal og ugift då han vart fødd i 1886. Ifølgje eit seigliva rykte skulle faren vera Bjørnstjerne Bjørnson, men Bjørnson var i Paris då barnet vart unnfanga og dermed ute av bildet. Ei anna moglegheit vart då Erling, yngste sonen til Bjørnstjerne. Eva Almhjell går gjennom farskapsspørsmålet i boka Anne Sletto. Eit kvinneportrett, Boksmia 2015. Påstanden om Bjørnson-blod i Olav Slettos årer er avvist av lokalhistorikarar tidlegare.[1] Den som står skriven som far er Johannes Kristianson Lundeby (1862-1900) frå Sande i Vestfold.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Olav Sletto voks opp hjå besteforeldra i Sletto. Han var ein gløgg skulegut, og gode menn i Hol støtta han økonomisk, så han fekk høgre utdanning. I 1902-03 gjekk han på folkehøgskule på Voss og i 1907 tok han eksamen ved lærarskulen på Notodden. Han gifta seg hemmeleg og borgarleg med reiardottera Karin Bryde frå Sandefjord 27.7.1911. Dei slo seg frå fyrst av ned i Vollen i Asker (1912-1917). Der kom tre av barna deira til verda. 21. juni 1915 vart dei kyrkjeleg vidge, og samstundes vart dei tre eldste borna døypte (Eva, Randi og Bjørn). Olav og Karin Sletto hadde til saman fire born: Eva (6.9.1912-7.3.2006), Randi (8.1.1914-17.7.2002), Bjørn (12.3.1915-18.12.1962) og Irene (15.11.1919-31.3.2013).

Fram til han i 1917 vart lærar ved Buskerud FolkehøgskoleFiskum, livnærte Sletto seg ved ulike lærarjobbar kombinert med taleferder. Det vart meir enn 70 av dei i perioden 1910-1917. I 1923 vart han skulestyrar ved Romerike FolkehøgskoleÅrnes, ei stilling han hadde fram til skulen vart okkupert av tyske soldatar under den andre verdskrigen.

Sletto fekk slag i 1941, og frå 1944 fekk han invalidepensjon. Han gav ut bøker under krigen og han takka ja då okkupasjonsmakta i 1940 innvilga han Statens kunstnarløn. For dette vart han etter krigen utestengd frå Den norske forfattarforening, og fekk ikkje gi ut bøker fyrste året etter krigen. I 1948 var medlemskapen igjen i orden. I 1946 flytta Olav og Karin Sletto til Geilo, Hol i Hallingdal. Hol kommune ga han i 1950 årleg æresløn, og i 1960 fekk han igjen statens kunstnarløn.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Sletto debuterte i 1908 med romanen Dei gamle. Han blir særleg hugsa for den mytologiske syklusen om Loke (1915–1918), dei historiske romanane sine frå kyrkjehistoria (1920–1924) og den historiske romansyklusen Soga um Røgnaldfolket (1943–1946). Olver-syklusen (1954–1956) er delvis sjølvbiografisk. Barnebokserien som vart kalla Per-bøkene (1939–1942) er av dei finaste skildringane av barndom og oppvekst i norsk litteratur. Eva-Charlotte Mørk har skrive ei magistergradsavhandling i litteraturvitskap om Mytologisk prefigurasjon i Olav Slettos bøker om Loke, NTNU 2016.

Olav Sletto har òg vorte nemnt som ein «gløymd» norsk fantasy-forfattar.[2][3]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Dei gamle (1908)
  • Sanddal (1910)
  • Smaaord (1912)
  • Tenaren (1913)
  • Um Tyskland (1914)
  • Loke-verket (1915–1918):
    • Loke
    • Domen
    • Millom eldar
    • Skyming
  • Dagning (1920)
  • Geisli (1920)
  • Stefanus (1921)
  • Porten (1922)
  • Signum Christi (1923)
  • Fatum (1924)
  • Elveland (1924)
  • Ambrosius-trilogien:
    • Valet (1926)
    • Primas (1927)
    • Frukt (1928)
  • Uppetter glasberget (1929)
  • Glør (1930)
  • Dagrit (1931)
  • Gildet (1932)
  • Odel – tre skodespel: Gamle Vehall, Skrinet, Flaum (1934)
  • Domhuset – mysteriespel (1936)
  • Per-bøkene:
    • Per Spegil (1939)
    • Per Sjøl (1940)
    • Per Stavlang (1941)
    • Per Spelmann (1942)
  • Soga um Røgnaldfolket:
    • Under Solhov (1943)
    • Ættbunden (1944)
    • Jordfast (1946)
  • Fyrste Glimt (1949)
    • Dag (1950)
  • Broder Hans (1948)
  • Skrinet skal opnast um hundre år (1951)
  • Olver-bøkene:
    • Boki um Olver (1954)
    • På høgt berg (1956)
    • Upp bakke og ned dal (1957)
    • Under Helgafjell (1958)
    • Då tedde ei eldborg (1961)
    • På Alderstun (1963)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Olav Sletto, ein gåtefull diktar Arkivert 2008-05-16 ved Wayback Machine.» av Kåre Olav Solhjell hjå Olav Sletto-selskapet.
  2. Agnes Bøttcher: «Fantasy, litteratur og den norske virkeligheten» i Vinduet (2003), arkivert frå originalen 11. februar 2007, henta 7. januar 2010 
  3. Øyvind Myhre: Magiske verdener : fantasi-litteraturen fra Gilgamesj til Richard Adams, Cappelen, 1979 (s. 115). Myhre karakteriserer romanen Skrinet skal opnast um hundre år (1951) som «reinhøvlet Swords & Sorcery».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Olav Sletto. Ein studie av Johan Austbø (Kristiania: Norli, 1923)
  • Ei bok om Olav Sletto av Johs. A. Dale og Lars Reinton (Oslo: Det Norske Samlaget, 1966)
  • Anne Sletto. Eit kvinneportrett av Eva Almhjell og Jørn Øyrehagen Sunde, Boksmia forlag 2015

Nettstader[endre | endre wikiteksten]