Olav Stedje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olav Stedje

Fødd8. juni 1953 (70 år)
OpphavNoreg
Instrumentvokal
Verka somsongar, plateartist
PrisarFylkeskulturprisen, Spellemannprisen i pop

Olav Stedje (fødd 8. juni 1953) er ein norsk songar og låtskrivar fødd i Sogndal. Stedje er kjend frå ei rekke mjukrock-innspelingar, seks sølvplater og fire forsøk i Melodi Grand Prix. Han fekk sitt verkelege gjennombrot med songen «Vi vandrar saman».

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Stedje debuterte med plata Ta meg med (1981) som gav han fleire plasseringar på Norsktoppen med songar som «Vi vandrar saman» og «Når ho er hjå meg». Stedje var også vokalist for musikkgruppa Lava. Derett kom platene Stedje (1982) og Tredje stedje (1983), som med Randi Hansen gav Spellemannsprisen.

Stedje har turnert med Radio Røynda, altså Halvor Folgerø og Finn Tokvam. Han har hatt Svein Dag Hauge og Jonas Fjeld som produsentar.

I februar 2006 sleppte han ei nyinnspeling av «Vi vandrar saman» som først var med på debutplata frå 1981. Dette var eit samarbeidsprosjekt med produsentduoen Agen'da. Tittelen på denne songen var «Venner (vi vandrar saman)».

Hausten 2007 opptredde han på revyscenen i Bergen i «Vestlandsrevyen» saman med Halvor Folgerø, Finn Tokvam, Ragnar Hovland og Claus Sellevoll

Heider[endre | endre wikiteksten]

  • Spellemannprisen 1982 i klassen Pop for plata Tredje Stedje.
  • I november 2008 fekk han tildelt Medaas-prisen. Statuttane for denne prisen seier mellom anna at: -- prisvinnaren skal målbera dialekten og fremja sin lokale kultur og løfta den til eit nasjonalt nivå.
  • I september 2011 vart Olav Stedje den fyrste til å motta Lutt sin heiderspris. Prisen går til musikarar frå Sogn og Fjordane som over tid har vist kvalitet, nyskaping, speleglede og som har fått merksemd både lokalt og nasjonalt. Juryen skreiv vidare: «Men Olav Stedje er meir enn det - han er rett og slett ein heidersmann. Han er - på alle tenkjelege måtar - både som artist og menneske - eit stort førebilete, og heldigvis har han tenkt å drive på lenge enno.»[1]

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Ta meg med (1981)
  • Stedje (1982)
  • Tredje stedje (1983)
  • Rocken Bom (barneplate, 1984)
  • Silje (1984)
  • Når sola renn (1986)
  • Eg kjem likevel (1987)
  • Ei gåve til deg (1990)
  • Bot og bedring (Tylden & Co AS, 1995)
  • 21 beste (Tylden & Co AS, 1998)
  • Livstegn (Tylden & Co AS, 2006)
  • I levande live (Tylden & Co AS, 2009)
  • Ikkje utan deg (Tylden & Co AS, 2010)

Bøker[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk Tidend, utgåve nr. 5, 2011: Stedje fekk den første Lutt-heidersprisen

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]