Olav Trondsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olav Trondsson
Statsborgarskap Noreg
Død

25. november 1474
Roma

Yrke erkebiskop, teolog
Religion Den romersk-katolske kyrkja

Olav Trondsson (daud 25. november 1474) var erkebisp i Nidaros frå 1459 til 1474, men styrte i røynda erkesetet frå 1454. Lite er kjent frå styringstida hans, men alt tyder på at han var ein dyktig administrator.

Ætt og framvokster[endre | endre wikiteksten]

Mor hans Olav var Joran Aslaksdotter, som tilhøyrda Aspa-ætta frå Frei på Nordmøre; faren var Trond Toraldsson Smørhatt. Morsætta er kjend frå ei ættetavle frå 1500-talet, medan farsætta mest truleg er Smørhatt-ætta, utan at det er heilt visst. Broren Ivar Trondsson er omtala i ei rekkje kjelder frå siste del av 1400-talet.

Olav vart student i Rostock i 1430,[1] og oppnådde magistergraden i 1438. Han er først omtala som kannik i Nidaros i 1446. Då Aslak Bolt døydde i 1450, valde domkapittelet Olav til etterfølgjar. Fleire nære medarbeidarar av Aslak Bolt var politisk merkte av samarbeidet med svenskekongen Karl Knutsson Bonde, og det kan vera grunnen til at den rimeleg unge Olav vart vald framfor eldre medlemer av domkapittelet.[2] Men kong Kristian I godkjende ikkje valet, og ynskte i staden Skålholtbispen Marcellus. Domkapittelet gjekk til sist med på å velja han, men paven ville ikkje ha Marcellus, og utnemnde i staden Henrik Kalteisen. Sistnemnde fekk ei stutt styringstid, og var i Trondheim berre sommaren 1453.

Electus og erkebisp[endre | endre wikiteksten]

Jamvel om Kalteisen formelt hadde tittelen erkebisp, var det Olav Trondsson som i røynde styrte erkesetet dei neste åra. I januar 1458 var Olav som ein del av det norske riksrådet, til stades ved eit stort møte i Skara, der riksrådet lova å ta Kristian Is son Hans til konge etter faren. I den samanhengen vart Olav omtala som «electus i Trondhem», dvs. vald erkebisp.[3] For å oppnå dette, stadfeste Kristian sættergjerda frå 1277, som sikra kyrkja både makt og sjølvstende andsynes kongen.

7. juni 1458 gav paven Henrik Kalteisen avskil, og utnemnde samstundes Olav Trondsson til etterfølgjar. Han reiste då til Roma, og vart innvia i Perugia i februar 1459. Frå åra etter fortel ikkje kjeldene mykje, men han synest å ha arbeidd for å styrkja domkapittelet; truleg var det han som opprette stillinga som erkedekn. Han hjelpte òg til med å atterreisa Helgeseter kloster, som var kome i forfall. Brevveksling med eit sokn i Herjedalen fortel om kontakt med meir perifere delar av stiftet. I 1473 gav Olav og broren Ivar domkyrkja inntektene av ei rekkje eigedomar på Nordmøre for 30 år; sidan skulle jorda gå attende til ætta.[4]

Sommaren 1474 reiste Olav til Roma, og der døydde han 25. november same år. Han vart gravlagd i klosterkyrkja San Agostino, og gravplata har inskripsjonen: CUI DEDERAT SACRAM MERITO NORVEGIA SEDEM HIC TEGIT OLAVI FRIGIDVS OSSA LAPIS. Det tyder: Olav, som Noreg med rett hadde gjeve den geilage stolen, her er beina hans lagt under den kalde stein

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Olav Trondsson - utdypning (NBL-artikkel)» i Store norske leksikon, snl.no.
  • Lars Hamre: «Unionstiden 1450-1523». I Arne Fjellbu m.fl. (utg.): Nidaros erkebispestol og bispesete: 1153-1953, band I s. 453-531. Oslo 1955.
  • Oddvar Grønli: «Ei ættetavla frå reformasjonstida.» Norsk slektshistorisk tidsskrift XIII, s. 209-244. Oslo 1952.
Fotnotar
  1. Se immatrikulering av Olav Trondsson i Rostocker Matrikelportal
  2. Hamre 1955, s. 469-470.
  3. DN III, nr. 842.
  4. DN II, nr. 888.