Olav Vigdeild

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bauta på ei gravrøys i nærleiken av der Olav Vigdeild kom frå.

Olav Vigdeild hadde hovdingesete på Viktil i Frosta. Garden ligg om lag 2 km sørvest for vikinghamna på Fånestangen, og det er grunn til å tru at Vigdeild var brukar av denne hamna. Han levde på første delen av 1200-talet, var lendmann, og mogleg den største hovdingen Frosta har fostra.

Vigdeild var Hertug Skule sin mann og vårbelg, og kjempa mot Håkon Håkonson og birkebeinarane. Olav var med anna førar for 14 langskip som saman med Guttorm frå Suderheim (Sørem på Leinstrand i Trondheim) skulle til Bergen vinteren 1239-40 for å ta kongen. På grunn av motvind og at rykte gjekk føre dei over alt vart plana endra og dei byrja i staden å herja på Møre.

Etter desse herjingane vart Olav med Hertug Skule ned Gudbrandsdalen og ned til Nannestad, der det vart eit slag ved Laaka, som dei vann. Seinare kom dei i kamp med birkebeinarane i Vestre Strete i Oslo. Her rømde vårbelgane og kampen held fram på Halvard kyrkjegard. Olav rømde inn inn i Lavranskyrkja og berga livet ved at Gaute frå Melhus spurde om han ville ha grid, noko Olav sa ja til. Henrik Ibsen skriv om dette i Kongs-Emnerne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Moksnes, Leif: Frostaboka (Bind 1), Frosta historielag (1968)
  • Tordsson, Sturla: Håkon Håkonssons saga