Old Bahama Channel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Old Bahama Channe

Old Bahama Channel er eit sund nordaust for Cuba og Sabana-Camagüey-øyane og sør for Bahama Banks. Sundet er om lag 160 km langt og 20 km breitt.

Old Bahama Channel deler dei nordlegaste områda av Dei vestindiske øyane i nesten to like store område. Nord og nordaust for sundet ligg Great Bahama Bank og Bahamas, og i sør ligg sandbanken rundt Cuba. Old Bahama Channel grenser heilt i nordvest til Floridasunda via to armar rundt Cay Sal Bank, Santaren-kanalen og Nicholas-kanalen. Sundet vert rekna for å munne ut i aust mellom Kapp Maysi på Cuba og Inagua på Bahamas. Stundom vert det djupe havområdet mellom Hispaniola og Puerto Rico òg rekna som ein del av sundet. Den smalaste delen av Old Bahama Channel er mellom 22° og 23 °N, der det stort sett er smalare enn 20 km.[1]

Dei spanske handelsrutene til koloniane deira gjekk opphavleg gjennom Old Bahama Channel, men seinare vart Floridasunda rekna som eit tryggare alternativ.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Penny Cyclopaedia of the Society for the Diffusion of Useful Knowledge - Society for the Diffusion of Useful Knowledge (Great Britain) (1833) - C. Knight
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 19. november 2008, henta 1. januar 2009