Old Red-avsetningane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tverrsnitt av Old Red Sandstone med kvarts og chert
Old Red Sandstone ved YesnabyOrknøyane

Old Red-avsetningane eller Old Red Sandstone (tyder «gammal raud sandstein») er ein bergart av betydeleg vitskapleg interesse, særskild innanfor paleontologi. Dei dannar ein geologisk formasjon frå slutten av silurtida.

Avsetningane finst i Wales, Skottland og England der han grensar mot dei to førstnevnte, og i området rundt Omagh i Nord-Irland. Old Red Sandstone er ein ekstremt stor lagpakke av sedimentære bergartar (vesentleg brune og raude, derav namnet) datert til devontida. Det er ein marin formasjon som vart avsett frå 408 til 370 millionar år sidan då eldre silurske bergarter vart heva ved danninga av Pangaea og eroderte og glei ut i ein ferskvassjø eller ei rekkje store elvedelta. Formasjonen er særs mektig, opptil 11 000 meter einskilde stader, og kan delast i tre ledd «Nedre», «Midtre» og «Øvre» frå eldst til yngst. Den eldste delen av Old Red-avsetningane, frå silur, vart tidlegare kalla downton.

Old Red Sandstone er dermed rik på marine fossil. Agnathan fisk, alle utdøytt i dag unntatt slimål og niauge, er særs vanlege, likeeins panserfiskar og planter. På byrjinga av 1800-talet vart paleontologien av formasjonen studert intensivt av Hugh Millar, Henry Thomas dei la Beche, Roderick Murchison og Adam Sedgwick -- tolkinga til Sedgwick plasserte avsetningane i devon, og faktisk var det òg han som introduserte uttrykket devon. Mange av dei første diskusjonane innan stratigrafi omhandla Old Red Sandstone. Old Red Sandstone kan finnast saman med konglomerat-formasjonar, mellom anna ved Fowlsheugh Nature Reserve i Aberdeenshire i Skottland.

Old Red Sandstone i USA[endre | endre wikiteksten]

I eldre geologiske skrifter om tidlege teoriar om platetektonikk blir Catskill Delta formasjonen i USA korrelert til Old Red Sandstone. Dei to formasjonane vart avsett på omtrent same tid av dei same prosessane.

Old Red Sandstone i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Ringerikssandstein er avsett på same tid og har tilsvarande samansetnad og utsjånad som Old Red Sandstone.

Bygningar av Old Red Sandstone[endre | endre wikiteksten]

I område der formasjonen er nær overflata, er mange bygningar bygd av stein av formasjonen, til dømes i området omkring Stirling i Skottland, Stonehaven, Perth i Skottland og Tayside. Innbyggjarane i Caithness nordaust i Skottland brukte òg steinen mykje.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]