Olderfjorden i Porsanger

Koordinatar: 70°28′59.484″N 25°7′22.750″E / 70.48319000°N 25.12298611°E / 70.48319000; 25.12298611
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olderfjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Porsanger
Kart
Olderfjorden
70°28′59″N 25°07′23″E / 70.48319°N 25.12298611°E / 70.48319; 25.12298611

Olderfjorden (nordsamisk Leaibevuotna, finsk Leipovuono) er ein fjordarm av Porsangerfjorden på sørsida av Bringsneset i Porsanger kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 7,5 km vestover til bygda Olderfjord i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Indre Bringsnes i nord og Langøya i sør. Olderfjord ligg i den sørlege delen av botnen, medan Djupbukta og Risskjåbukta ligg lenger nord. Frå Risskjåbukta er det berre 800 meter over Nordeidet til botn av Smørfjorden som går på nordsida av Bringsneset. Fjorden er 72 meter på det djupaste, om lag midtfjords om lag halvvegs inn i fjorden.

E6 går langs sørsida av fjorden, medan E69 går nordover langs botn.

70°28′59.484″N 25°7′22.750″E / 70.48319000°N 25.12298611°E / 70.48319000; 25.12298611