Olduvai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olduvai
Land  Tanzania
Kart
Olduvai
2°58′0″ S 35°21′0″ E
Wikimedia Commons: Olduvai Gorge

Olduvai er ein ravinedal nordvest i Tanzania, ein del av Riftdalen. Han er 100 meter djup og 40 km lang og går gjennom Serengeti. Staden er kjend for funn etter ei menneskeartar frå heile pleistocen. Ein har også funne verktøy nokre av dei brukte, som har gjeve namn til ein tidleg verktøyteknikk, olduwan. Namnet på dalen kjem frå masaiordet oldupai, bajonettplanten Sansevieria ehrenbergii.

Satellittbilde av Olduvai.

Oppdagingar[endre | endre wikiteksten]

Olduvai blei oppdaga som ein førhistorisk funnplass i 1913. Han blei gjort kjend gjennom funn gjort på 1950- og 1960-talet av Mary og Louis Leakey, mellom anna det første funnet av Homo habilis, som Louis Leakey meinte det moderne mennesket kunne stamma frå.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Philip's (2008), «Olduvai Gorge», World Encyclopedia, Oxford Reference Online, Oxford University Press 

Spire Denne geografiartikkelen som har med historie og Tanzania å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.