Ole Five

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Five

Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. mai 1846
Steinkjer kommune
Død

26. april 1930 (83 år)

Yrke politikar, bonde
Språk norsk
Politisk parti Venstre
Ole Five på Commons

Ole Olsson Five (21. mai 184626. april 1930) var ein skulemann, gardbrukar og Venstre-politikar frå Stod i Nord-Trøndelag.

Five var son av ein gardbrukar. Han tok eksamen ved Klæbu seminar i 1865, og var lærar i Beitstad i 1866 og på Tranøy 1866-70. År 1872 vart han vernepliktig offiser. I 1876 avla han eksamen til cand.real. med beste karakter, etter å ha fått fritak frå kravet om examen artium. Same året vart han styrar for amtsskulen i Inntrøndelag, ei stilling han hadde til 1892. Han kjøpte garden Hallem i Verdal i 1889 og var gardbrukar i fire år, han selde garden i 1893. Deretter lærar ved Kristiansands seminar 1892-96.

I Verdal var Five medlem av både heradsstyret og skulestyret. Han var styreformann i Snaasen dampskipsselskap og Snåsa sparebank frå høvesvis 1885 og 1886. Formann i styret for Skogn sparebank 1906-07.

Five var 1. vararepresentant til Stortinget frå Nordre Trondhjems amt 1892-94, både i 1892 og 1894 møtte han frå juli månad i staden for Marius Hægstad. Perioden 1900-03 hadde Five fast plass i Stortinget, var då medlem av militærkomiteen og valkomiteen.

Five var initiativtakar til Folkevæbningen, ein forsvarsorganisasjon i opposisjon til den konservative «Centralforeningen for Udbredelse af Legemsøvelser og Vaabenbrug». Foreiningane vart slått saman til Det frivillige skyttervesen i 1893, og Five var formann her åra 1893-1908. Frå 1896 var han tilsett som kontorsjef i same, heilt til han gjekk av med pensjon i 1919. Han budde 1896-99 i Kristiania, 1899-1903 i Inderøy, 1903-07 i Skogn, eitt år i Steinkjer og deretter i Kristiania att.

I 1919 fekk Five stifta Nord-Trøndelag historielag, og sat lenge som lagsformann og redigerte årbøkene til laget. Han var også ein ivrig nynorskforkjempar og støttespelar for Det Norske Samlaget, Det Norske Teatret, og norskdomsbladet Den 17de Mai. Han samla Fivefondet og var heiderslagsmann i Studentmållaget.[1]

Han døydde 1930 i Steinkjer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bergsgård, A. (1952). Five, Ola. I Norsk allkunnebok. IV. bandet (s. 452). Oslo: Fonna Forlag.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]