Ole Østmo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ole Østmo (13. september 186611. september 1923) var ein norsk skyttar frå Elverum som var aktiv på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet.

Ole Østmo deltok i skyting under Sommar-OL i Paris i 1900 og tok fire olympiske medaljar. Han vann sølv i armégevær, ståande og lagskyting armégevær. I tillegg tok han bronsemedalje i sammanlagt, armégevær (ståande, kneståande og liggande summert) og liggande, armégevær.

Lagmedaljen i armégevær var den første lagmedaljen til Noreg i OL. Forutan Østmo, deltok Olaf Frydenlund, Hellmer Hermandsen, Ole Sæther og Tom Seeberg på det norske laget.

Østmo tok òg fleire medaljar i det første VM i skyting i Lyon i 1897; han tok gull i ståande, og sølv i samanlagtøvinga. Det norske laget vann sølv i lagskytinga.

OL-medaljar[endre | endre wikiteksten]