Ole Andreas Furu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ole Andreas Furu (26. desember 184128. november 1925) var ein jurist, stortingsrepresentant og statsråd, fødd i Trondheim.

Far til Furu var gardbrukar i Sunndal. Sjølv arbeidde han i fire år på kontoret til sorenskrivaren i Nordmøre. I 1864 vart han student frå Heltbergs studentfabrikk i Christiania og så cand. jur. i 1867. Same året vart han fullmektig hos sorenskrivaren i Nordmøre, året etter byrja han som sakførar i Kristiansund. Administrerande direktør i Kristiansunds Kreditbank 1875-89. Han var med i bystyret frå 1875 til 1889, i fleire år ordførar.

Furu representerte Kristiansund på Stortinget i to valperiodar, høvesvis frå 1880 og frå 1886. Siste gongen vart valet underkjent, men han vart vald også ved omvalet. I 1880 var han medlem, 1881-82 sekretær av budsjettkomiteen. 1886-88 var han medlem av næringskomite nr 1. I den siste perioden representerte han den ferske partigrupperinga Høgre.

Han var 1887-89 medlem av ein kongeleg kommisjon om sildefisket, og av komiteen om mellomrikslova 1889. I 1892 var han medlem av den departementale konsulatkomiteen.

Furu var statsråd i to regjeringar. 1889-91 var han fyrst ved statsrådsavdelinga i Stockholm, deretter leia han Indredepartementet. I 1893-95 var han sjef for Finansdepartementet og i ei tid Revisjonsdepartementet, før han atter var eit par månader i Stockholm.

Frå 1895 til 1918 var Furu amtmann i Akershus. Han døydde i 1925 i Oslo. Amtmann Furus plass i Oslo er kalla opp etter han.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914