Ole Andreas Lindeman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Andreas Lindeman

Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. januar 1769
Surnadal kommune
Død

26. februar 1857 (88 år)
Trondheim

Yrke komponist, musikkpedagog
Språk norsk

Ole Andreas Lindeman (17. januar 176926. februar 1857) var ein norsk organist og musikkpedagog. Han var fødd på Øye i Surnadal av foreldra Anne Christine Tangen og Jacob Madsen Lindeman som var sorenskrivarNordmøre.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Lindemann tok eksamen artium ved Trondheim katedralskole før han reiste til København for å studerte jus. Etter kvart brukte han stadig meir av tida på musikk, og han avbraut jusstudia. Ole Andreas Lindeman vart elev av kapellmester I. C. Wernicke og heldt konsertar med klaver eller fiolin. På oppmoding frå biskop Johan Christian Schønheyder flytta Lindeman til Trondheim for å bli organist i Vår Frue kyrkje.

Ole Andreas Lindeman vart ein dominerande musikkpedagog i Trondheim - «privilegert stadsmusicus» - gjennom eit halvt hundreår. Han var også song- og musikklærar ved Trondhjems Borgerlige Realskole. I 1835 utgav han med offentleg stønad den aller første norske koralboka.

Lindeman vart gift med Anne Severine Hickmann i 1802, og saman fekk dei fem søner. Av desse vart fire organistar, ein av dei dessutan prest, og ein annan lækjar. Den eldste sonen, Frederik Christian, etterfølgde faren i Vår Frue kirke, Just Riddervold vart organist i Domkyrkja. Jacob Andreas og Ludvig Mathias reiste til Vår Frelsars kyrkje i Oslo. Førstnemnde vart sidan prest i Leikanger og Davik, sistnemnde var far til musikkpedagog Peter B. Lindeman, som var leiar for Musikkonservatoriet i Oslo i mange år, og organist Kristian T. M. Lindeman som overtok som organist i Domkyrkja etter onkelen sin.

Ole Andreas Lindeman døydde 88 år gammal, og var i heile si tid som organist knytt til Vår Frue kyrkje i Trondheim.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]