Ole Berg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Berg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 29. mars 1792
Død

20. april 1875 (83 år)

Yrke prest, politikar
Språk norsk

Ole Berg (29. mars 179220. april 1875) var ein norsk prest og stortingsmann.

Berg var fødd i Våler i Østfold, der far hans var prest. Sjølv vart han student i 1811. I 1819 vart han cand. jur. og i 1827 cand. theol. Sakførar var han i tre år. Etter han hadde studert teologi var han sokneprest i Evje 1828-40. Derettet var han i lang tid, 1840-70, sokneprest i Frosta.

Berg vart vald til 1. varamann for Nedenes og Råbyggelagets amt til Stortinget, både for 1836 og for 1839. I 1839 møtte han på Stortinget, i staden for ein sjuk Jacob Aall. Han var medlem av Lagtinget og av justiskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914