Ole Christensen Rømer
Ole Christensen Rømer (25. september 1644–19. september 1710) var ein dansk matematikar og astronom.
Under et 9 år lang opphald i Paris brukte han den forseinkinga han observerte ved solformørkingane på Jupiter sin månader når dei var på veg bort frå Jorda i forhold til når dei var på veg mot Jorda, til å rekne ut lysfarten. Observasjonane gjorde han i 1672, og i 1676 rekna han ut lysfarten til å vere 227 000 km/s, eit avvik på om lag 24 % frå det som er korrekt (300 000 km/s).
Rømer var i 1683 hovudpersonen bak det nye fotsystemet som vart innført i Danmark-Noreg, eit system han baserte på eit gjennomsnitt av rhinsk fot. Det viste seg derimot at Rømer sine utrekningar av rhinsk fot var feil, slik at foten måtte omdefinerast i 1698. Han foreslo i 1701 ein eigen temperaturskala, den såkalla Rømerskalaen, som Gabriel Fahrenheit utvikla vidare til Fahrenheitskalaen.
Sjå òg [endre]
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Ole Christensen Rømer» frå Wikipedia på bokmål, den 19. februar 2008.