Ole Christian Eidhammer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ole Christian Eidhammer (fødd 15. april 1965) i Molde er ein norsk, tidlegare skihoppar. Han vann to internasjonale meisterskapsmedaljar, begge i lagtevlingar. Under Ski-VM 1987 i Oberstdorf var han på det norske firemannslaget som tok sølv. Hroar Stjernen, Ole Gunnar Fidjestøl og Vegard Opaas var dei andre på laget. Året etter, under Vinter-OL 1988 i Calgary, vart det bronsemedaljar på dei fire som hoppa for Noreg. Eidhammer og Fidjestøl hadde då selskap av Jon Inge Kjørum og Erik Johnsen. Han var medlem av Heimdal Idrettsforening.

Eidhammers beste plasseringar i verdscupen var to tredjeplassar. Den fyrste kom i Holmenkollrennet i 1984, bak Vladimír Podzimek og Pavel Ploc, begge frå Tsjekkoslovakia. I januar 1988 vart han nummer tre i Bischofshofen, bak den suverene vinnaren Matti Nykänen og Primoz Ulaga. I dei store meisterskapane hamna Eidhammer på 18. plass i storbakkerennet under Vinter-OL 1984 i Sarajevo, og på høvesvis 17. og 19. plass i dei to individuelle renna under Vinter-OL i Calgary i 1988. Frå NM-tevlingar fekk han med seg to sølvmedaljar, i normalbakken i 1984 og i storbakken i 1988. Nærast meisterskapstittelen var han i 1988. Med sine 209,3 poeng var han 2,9 poeng bak vinnaren, Jon Inge Kjørum.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1983: Nr 7 i storbakken på Lillehammer
  • 1984: Sølvmedalje i normalbakken på Kongsberg
  • 1985: Nr 9 i storbakken i Bærum
  • 1986: Nr 4 i storbakken i Oslo
  • 1987: Nr 5 i storbakken på Odnes
  • 1988: Sølvmedalje i storbakken på Rena
  • 1989: Nr 10 i storbakken på Odnes
  • 1990: Nr 6 både i normalbakken på Fluberg og i storbakken i Meldal

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]