Ole Cudrio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Cudrio
Statsborgarskap Danmark-Noreg
Fødd 21. januar 1767
Død

10. desember 1822 (55 år)

Yrke handelsmannn, politikar
Språk norsk

Ole Hansen Cudrio (21. januar 176710. desember 1822) var ein norsk kjøpmann i Skien og stortingsmann i ein periode.

Cudrio var son til ein kjøpmann i Skien, Hans Arnesøn. Han brukte etternamnet til morsslekta, truleg grunna i at han voks opp hos ein morbror. Ole Cudrio dreiv som faren handel i heimbyen. I 1818 møtte han på Stortinget som representant for Skien, grunna sjukdom vart han permittert allereie 4. februar. Tønnes Taralsen kom i staden hans.

Cudrio døydde i fødebyen i 1822.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]