Ole Daniel Enersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ole Daniel Enersen i 2007.

Ole Daniel Enersen (fødd 14. mars 1943 i Oslo) er ein norsk fjellklatrar, fotograf, forfattar og journalist.

I 1965 klatra han for første gongen Trollveggen i Romsdalen saman med Leif Normann Petterson, Odd Eliassen og Jon Teigland.[1][2] I 2000 gav han ut ein roman i fantasy-sjangeren, Dragen som elsket meg.[3]

Enersen er medlem av samskipnaden Norske Naturfotografer og knytt til biletbyrået Samfoto

Han har oppretta og driv nettstaden WhoNamedIt, ei engelskspråkleg ordbok over medisinske eponym, det vil seie medisinske termar avleidde av namn på personar (eller av og til av namn på stader og ting).

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. En historie om klatring i Norge 1900-2000 Geir Grimeland (2004), Fagbokforlaget ISBN 82-419-0308-1
  2. Norsk fjellsport gjennom 200 år, Hasse Eriksen og Helge Kolrud (2007) Andresen & Butenschøn
  3. Dragen som elsket meg, (2000) Gjettum ISBN 82-91690-22-7

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]