Ole Edvard Buck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Edvard Buck
Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. november 1799
Trondheim
Død

13. juni 1843 (43 år)
Molde kommune

Yrke politikar, embetsmann
Språk norsk

Ole Edvard Buck (14. november 179913. juli 1843) var ein norsk embetsmann og stortingsmann.

Buck var fødd i Trondheim. Faren vart seinare kjøpmann i Molde, og sonen voks opp der. I 1820 vart han student frå katedralskulen i Trondheim. Ferda gjekk så vidare til hovudstaden, der han vart cand. jur. i 1824. Frå 1825 var han tilsett i finansdepartementet, byråsjef frå 1828. I 1833 vart han utnemnd til amtmann i Finnmark. Elles var han mellom anna medlem av ein kongeleg kommisjon om nordlandshandelen, eit arbeid som førte fram til lov (1839). År 1842 la han ut på reise over Stockholm og Finland til St. Petersburg og Arkhangelsk, der han hadde samtalar med den russiske regjeringa om grensetraktaten av 1751. Samtalane førte ikkje fram til endringar i traktaten.

Buck representerte Finnmark på Stortinget i 1839. Han var då medlem av Lagtinget, traktatkomiteen og komiteen om stempelpapir.

Han døydde ved Molde, under ei vitjing hos svigerfaren Hilmar Meincke Krohg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]