Ole Gabriel Ueland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ole Gabriel Ueland

Ole Gabriel Ueland (28. oktober 17999. januar 1870) var ein norsk politikar og stortingsrepresentant. Ueland kom frå låge samfunnslag, men arbeidde seg fram til å verta ein leiande politikar. Han vert rekna som sentral i å folkeleggjera politikk i Noreg. Han bana vegen for at òg personar frå fattige kår kunne oppnå politiske posisjonar.

Innhaldsliste

Bakgrunn [endre]

Ueland vart fødd som Ole Gabriel Gabrielsen Skaaland, den nest eldste av fie sysken, i ein bondefamilie på garden Skåland i Lund sokn i Dalane. Han lærte å lesa av mora, og gjekk to veker på ein skule tre mil vekke, men det var ingen skular i nærleiken, og få bøker. Han las interessert i det han fekk tak i, og synte ei evne til læring og lesing. Sytten år gamal vart han spurd om å undervisa borna i området, og hadde denne stillinga fram til 1825.

I 1825 gifta Ole Gabriel seg med odelsjenta Marthe Gurie Osmundsdatter Ueland, flytta til garden Ueland og tok gardnamnet som etternamn. Han vart kyrkjeklokkar og omgangsskulelærar i Heskestad i Lund kommune. Ole Gabriel Ueland hadde tiltru i distriktet, og fekk fleire kommunale verv. Han var mellom anna ordførar og lensmann i Heskestad.

Politikar [endre]

I 1833 vart Ueland vald til Stortinget, der han sat som representant fram til 1869. Han vart leiar for bonderørsla innan politikk og fekk respekt for sitt politiske syn. I 1859 danna han saman med Johan Sverdrup den politiske samansluttinga Reformforeningen. Foreninga vart utgjort av stortingsrepresentantar i særleg grad gjekk inn for demokratiske reformer.

Ole Gabriel Ueland var far til Gabriel Olsson Ueland og Jonas Ueland, og farfar til journalisten og kvinnesaksforkjemparen Brenda Ueland.

Kjelder [endre]

Bakgrunnsstoff [endre]