Ole H. Bremnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole H. Bremnes
Fødd11. november 1930
FødestadKvæfjord kommune
Død9. mars 2018 (87 år)
FødenamnOle Hagbart Bremnes
OpphavNoreg
Verka somlyrikar
BornLars Bremnes, Kari Bremnes, Ola Bremnes
PrisarÅrets verk

Ole Hagbart Bremnes (11. november 19309. mars 2018)[1] var ein norsk skolemann og diktar, fødd på Bremnes i Kvæfjord og busett i Svolvær. Han var utdanna lærar, og arbeidde i over 40 år ved Svolvær barne- og ungdomsskole, der han var rektor i åra 1963-2000.

Blant utgjevingane av dikta hans er Ord fra en fjord (1992), der barna hans, Kari, Ola og Lars Bremnes, syng tekstane hans. Blant songane på denne plata er Grågåsa og Folk i husan. Året etter skreiv han tekstar til forestillinga Bak hundrede Mile for Festspillene i Nord-Norge, basert på diktinga til Knut Hamsun.

I åra 2006-2013 skreiv Ole H. Bremnes 100 portrett-artiklar i Våganavisa, desse blei gitt ut som to bøker: Ka du fortell (2010) og Ka du fortell 2 (2013).

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Tolv tekster om årets gang (tekstar) 1990
  • Salmodikon (tekstar) 1998
  • Folk i husan (dikt) 2001
  • Settekassen (dikt) 2004
  • Ka du fortell (portrett) 2010
  • Ka du fortell 2 (portrett) 2013

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ole Hagbart Bremnes er død» (på norsk). Henta 3. august 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]