Ole Hannibal Sommerfelt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ole Hannibal Sommerfelt (3. mars 17536. april 1821) var ein norsk embetsmann, stortingsrepresentant og topografisk forfattar.

Ole Hannibal Sommerfeldt vart fødd på Sukkestad i Toten med foreldra Benedicte Kirstine Hoff og kanselliråd og sorenskrivar David Sommerfelt.

Etter juridisk embetseksamen fra Universitetet i København hadde O. H. Sommerfelt desse stillingane:

Sommerfelt arbeidde mykje for å fremje økonomisk utvikling, spesielt innan jordbrukog handel. Som amtmann i Finnmark stødde han oppunder koloniseringa av Målselv. Som amtmann viste han respekt for samekulturen samiske særdrag. Publikasjonen Et Par Ord (1790) byggjer på ein tale han heldt til fjellsamen Peder Jansen, som hadde selt seks rein og gitt 30 vederlagsfritt til kongen i samband med eit forsøk på å etablere reindriftIsland.

Sommerfelt møtte som stortingsmann for Kristians amt (Oppland) på det overordentlige stortinget hausten 1814. Her vart han visepresident for Lagtinget.

Frå Finnmark gav han ut Kort Beskrivelse over Finmarken (1799).

Sommerfeldt vart utnemnd til riddar av Dannebrogsordenen, Vasaordenen og Nordstjerneordenen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]