Ole Henrik Magga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Henrik Magga

Fødd12. august 1947
Ávževuopmi
NasjonalitetNoreg
OmrådeFennougristikk, syntaks
Yrkelingvist, politikar, filolog
InstitusjonarDei sameinte nasjonane
Sametinget
Universitetet i Oslo
Samisk høgskole
Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet
Alma materUniversitetet i Oslo
EktefelleLajla Mattsson Magga
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi
Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab
Finnmarkskommisjonen

Ole Henrik Magga (fødd 12. august 1947) er ein samisk språkforskar og politikar frå Kautokeino.

Språkforskaren Magga[endre | endre wikiteksten]

Som språkforskar er Ole Henrik Magga framfor alt kjend som syntaktikar. Magistergradsavhandlinga hans, «Lokative læt-setninger i samisk», tar opp eit klassisk emne i syntaktisk teori, strukturen til eksistensialsetningar og habitivsetningar, som i mange uralske språk har ein svært lik struktur. Doktoravhandlinga frå 1986 handla om strukturen i den samiske verbalfrasen, spesielt samspelet mellom modalverb og infinitivar.

Magga vart professor i fennougristikk ved Universitetet i Oslo i 1997, etter Knut Bergsland, men han sa opp denne stillinga for å arbeide ved Samisk høgskole i Kautokeino, der han vart høgskoledosent frå 1990 og professor frå 1997. Magga vart medlem av Det Norske Videnskaps Akademi i 1993.

Politikaren Magga[endre | endre wikiteksten]

Magga var leiar i Norske Samers Riksforbund frå 1980 til 1985, og den første presidenten i Sametinget i Noreg, frå 1989 til 1997. Magga var med og stifta Verdsrådet for urfolk (WCIP) i Canada i 1976. I perioden 1992-1995 var Magga medlem av FN-kulturkommisjonen Worlds Commission on Culture and Development. I 2002 vart Magga den første leiaren for FNs permanente forum for urfolk.

Magga var ein av mange politisk aktive samar som vart overvaka av den norske etterretningstenesta Politiets overvakingsteneste, POT (No: Politiets sikkerhetstjeneste, PST) fram til slutten av åttitalet.

I 1998 vann han Petter Dass-medaljen for arbeid for samisk kultur og identitet. I 2006 vart han kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden for innsats for saka til samane og til urfolk.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Lokative læt-setninger i samisk. Dieđut 1978.
  • Modalverb og infinitiv innen verbalet : prosjektrapport. Dieđut 1982.
  • Infinitives within the VP in Northern Sami: The accusative with infinitive. i: Riepmočála (1984)
  • Studier i samisk infinitivsyntaks. Doktoravhandling, Universitetet i Oslo. 1986.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]