Ole Holck

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ole Elias Holck måla av Ole Peter Hansen Balling etter profilklipp i 1896. Måleriet tilhøyrer Eidsvoll 1814.
Frå DigitaltMuseum
Bautastein over eidsvollsmannen Ole Elias Holck. Minnesmerket står i Alværa ved E39 aust for Lavik ferjestad i Høyanger kommune. Foto: Atle Råsberg.

Ole Elias Holck (6. januar 177414. juli 1842) var ein norsk offiser, eidsvollsmann og stortingsmann.

Familie og bustad[endre | endre wikiteksten]

Holck var fødd i bygda Leirvik i Hyllestad kommune. Foreldra var kaptein Hans Henrik Horneman Holck og Margrete Tostrup, og han var nummer tre i ein søskenflokk på 14.[1] I 1812 gifta Holck seg med Karen Hansen, dotter til Kirsten Finde Harberg Leganger som arva futegarden Alvera i Lavik i namnet åt mannen, og Simon Hansen som var fut.

Holck tok over som eigar av Alvera i 1822 etter svigerfaren. Han dreiv garden og var ein høgt akta mann som gjorde ein stor innsats for å ta vare på "Oldsager og Documenter til Historien henhørende". Holck budde med familien på Alvera fram til han døydde i 14. juli 1842.[2]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Som sin far gjekk Holck tidleg inn i militæret. Han var fenrik ved Det bergenhusiske regiment i 1789, sekondløyntnant i 1790 og premierløyntnant i 1800. I 1808 var han tilsett i regimentet i København før han i 1808 var tilbake i Det bergenhusiske regiment som kompanisjef. I 1815 vart Holck oberstløyntnant og i 1818 vart han sjef for Det søndfjordske musketerkorps. I 1828 vart han utnemnd til oberst og 1834 generaladjutant. Han tok i 1841 avskjed med full gasje i pensjon.[3]

Politikk[endre | endre wikiteksten]

I 1814 vart Holck vald som 1. utsending for regimentet sitt til riksforsamlingaEidsvoll. Han slutta seg der til sjølvstendepartiet. Seinare representerte han Nordre Bergenhus amtstortinga 1818, 1824 og 1839. I 1818 var han medlem av Lagtinget og medlem av 12 komitear. Same året var han elles med i stortinget sin deputasjon til Carl Johans svenske kroning. På 1824-tinget var han formann i komiteen om utreiarlova, samt medlem i fire andre stortingskomitear. På det siste stortinget, 1839, var han medlem av militærkomiteen.

Under diskusjonane om statsforma 16. april 1814 tok Holck til orde for at landet ikkje berre skulle vere eit «innskrenket og arveligt monarki», men også at regenten skulle ha tittelen «konge». Ei slik formulering ville langt på veg fastslå at Noreg skulle vere eit uavhengig kongerike. Framlegget til Holck førte til heftig debatt i forsamlinga, og for første gong kom skilnaden mellom sjølvstendepartiet og opposisjonen fram.[4]

Dagboka hans frå Eidsvoll 1814 er trykt i Historiske Samlinger, bind II.[5][6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Timberlid, Kristine Kopperud, 2000. Ole Elias Holck, Kulturhistorisk leksikon
  2. Hagen, Johan: Ole Elias Holck - Eidsvollsmann og offiser. I Jol i Sogn. Leikanger 1995.
  3. Tallak Lindstøl: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914. digital utgave side 391
  4. "Eidsvollsmannen Ole Elias Holck 240 år", Sogn og Fjordane fylkeskommune
  5. Dagbok etter Ole Elias Hock, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
  6. Ludvig Daae: Aktstykker til Norges Historie i 1814: Eidsvoldsmanden Capitaine (senere Generaladjutant) Ole Elias Holcks Dagbok for Aaret 1814. Publisert i Historiske Samlinger II, digital utgåve på bokhylla.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]