Ole Kolsrud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Kolsrud
Fødd1827 (197 år)
Verka sommusikar

Ole Olsson Kolsrud var ein spelemann frå Heddal i Telemark, som levde frå 1827 til 1902. Han er rekna som ei sentral kjelde til slåttar i austre Telemark.

Springaren Kolsruden er eit døme på ein slått Kolsrud skal ha bygd ut. Spelemenn som Jon Kolbjørnsrud og sonen hans, Tarkjell Kolbjørnsrud bar kolsrudspelet vidare i nyare tid, og mellom anna Eivind Groven skreiv ned slåttar etter Tarkjell då han var i Heddal under den andre verdskrigen. Seinare spela Groven inn slåttar etter Ole Kolsrud.

Kjetil Løndal forska på denne speltradisjonen, om merkte seg at Ole Kolsrud hadde eit særeige spel med noko uvanleg bogeføring. Mykje tyder på at Kolsrud kan ha vore påverka av spelemenn frå andre dalføre, til dømes Numedal.