Ole Lützow

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ole Lützow
Fødd14. november 1801
Fredrikstad
Død2. november 1871 (69 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
Alle verv

Ole Arntzen Lützow (14. november 18012. november 1871) var ein norsk offiser, gardbrukar, embetsmann og stortingsmann fødd i Fredrikstad.

Far til Lützow var offiser. Sjølv var han sekondløytnant 1828-34, men vart då gardbrukar på storgarden Grinder i Grue. Han var både ordførar i Grue og medlem av forlikskommisjonen. I 1845 vart han utnemnd til statsrevisor, busette seg då ved Sagene, som den gongen låg i Aker herad.

Lützow representerte Hedemarkens amtStortinget 1839-45. Han var i 1839 medlem og 1842 sekretær i desisjonskomiteen. I 1845 var han sekretær i militærkomiteen, visesekretær i Odelstinget og medlem av den utvida næringskomiteen. Ved stortingsvala 1848, 1851, 1854 hamna han på fyrste eller andre varamannsplass for Akershus amt.

Han døydde i Kristiania i 1871.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]