Ole Mørk Sandvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ole Mørk Sandvik (9. mai 18755. august 1976) var ein norsk musikkforskar, folkemusikksamlar, lektor, cand.theol. og dr. philos.

Ole Mørk Sandvik vart fødd på Helgøya i Nes (no Ringsaker) i Hedmark som son av skoleinspektør Paul Knutsen Barstad Sandvik og Nikoline Petrine Mørk. Han vart gift 1906 med pianist Anna Margrethe (“Nanna”) Rønneberg Munthe-Kaas. Sandvik studerte teologi og tok embetseksamen i 1912, men gjekk sidan over til lærargjerninga og musikkforskinga. Han tok doktorgrad på avhandlinga «Norsk folkemusikk, særlig østlandsmusikken». Frå 1916 til 1945 underviste han i liturgiog kyrkjesong ved det praktisk-teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo.

Sandvik var sekretær for koralbokkomiteen frå 1923 til 1926. Som følgje av innsatsen hans, vart det teke inn rundt 40 norske folketonar i koralbokk av 1926. Sandvik har òg gjeve ut skolesongbøker og musikkhistoriske verk.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

(Eit utval)

  • Graduale for den norske kirke (1925)
  • Norsk koralhistorie (1930)
  • Østerdalsmusikken (1943)
  • Folkemusikken i Gudbrandsdalen (2. utg. 1948)
  • Setesdalsmelodier (1952)
  • Norske religiøse folketoner (bd. 1 og 2, 1960 og 1964)
  • Springleiker i norske bygder (1967)
  • Norges musikkhistorie (2 bd. 1921) (saman med G. Schjelderup) gav han 1921 ut , saman med K. Koppang
  • Realskolens sangbok (1932, rev. utg. 1946) (saman med K. Koppang)
  • Gymnasiets sangbok (1932) (saman med K. Koppang )

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]