Ole M. Gausdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ole Martin Pettersson Gausdal (13. juni 18601960) var ein lærar, gardbrukar, kjøpmann og redaktør frå Geiranger. Han var stortingsmann for Arbeidarpartiet.

Gausdal var fødd og oppvaksen på fjellgarden Gomsdal i Geiranger sokn i dåverande Sunnylven herad. Han vart seminarist frå Tromsø i 1880. Deretter var han lærar i Lenvik frå 1880, sidan i Nordreisa frå 1881 til 1890. Han var gardbrukar 1883-92 og 1903-09, i mellomtida dreiv han handel i Nordkjos i Nordreisa. Åra 1903-09 var han også heradskasserar i Nordreisa, deretter i same stilling 1909-11 i Tromsøysund, dit han flytta i 1909. Han vart redaksjonssekretær i Nordlys 1910, redaktør 1912-15. Bolken 1913-15 var han ordførar i Tromsøysund.

Gausdal var ordførar i Nordreisa 1890-92, samt formann i både skulestyre og fattigstyre. Ii 1900 var han med å stifta Arbeidarpartiet sitt fylkesparti i Troms i 1900. Han var fyrste varamann til Stortinget i dei tre valperiodane frå 1903 til 1912. I 1904 møtte han på tinget 12. mars-7. mai frå krinsen Tromsø amt, medlem av Lagtinget og tollkomiteen. Periodane 1913-15 og 1916-18 representerte han krinsen Tromsøysund på Stortinget, medan han 1919-21 representerte Lyngen krins på tinget. Heile tida 1913-21 var han medlem av militærkomiteen. Her gjorde han framlegg om absolutt nedrusting for og gjekk inn for avskaffing av verneplikta. I den siste valbolken var han også medlem av den førebuande fullmaktskomiteen. Både 1918, -19 og -20 var han delegat ved interparlamentariske fredsmøte. Gausdal var i 1920 mellom dei som røysta for norsk medlemskap i Folkeforbundet. Han var elles medlem av lufttrafikkommisjonen av 1919 og av Den sivile forsvarskommisjonen av 1920.

Gausdal braut med Arbeidarpartiet i 1921, og melde seg inn den nystifta partigruppa sosiakdemokratane. Same året var han mellom stiftarane av Nordreisa sosialdemokratiske forening, der han var formann i ni år. Han nådde ikkje opp ved stortingsvalet hausten 1921.

Frå 1922 til -32 var Gausdal kontrollør for skattlegginga av tobakk og sjokolade.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914