Ole Nilssen
Ole Nilssen | |
Ole Nilssen Foto: Ole Olsen Ranheimsæther
| |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 27. september 1829 Straumsnes kommune |
Død | |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Ole Nilssen (27. september 1829–28. mai 1912) var ein norsk lærar, lensmann og politikar frå Straumsnes på Nordmøre. Han var stortingsrepresentant frå 1865 til 1894.
Nilssen var fødd på ein husmannsplass under garden Næstad i Straumsnes. I oppveksten dreiv han fiske, var så seminarist frå Klæbu i 1849. Han var lærar på ein skule i Trondheim eitt år, deretter omgangsskulelærar i Frei. I 1853 kjøpte han garden Einset i Straumsnes, dreiv denne i 29 år. Lærar og kyrkjesongar i Tingvoll frå 1853 til 1856 og deretter lærar i Straumsnes, kyrkjesongar frå 1864. Mange år ordførar, fyrst i Tingvoll, og seinare i den utskilde kommunnen Straumsnes. I 1880 vart han tilsett som lensmann i Gjemnes. Han busette seg då på garden Skei i Øre.
Nilssen representerte Romsdals amt på Stortinget fyrste gongen i 1865. Han var medlem av protokollkomiteen i periodane 1865–66 og 1868–69, medlem av kyrkjekomiteen 1871–85, sekretær i Odelstinget 1883–8 og sekretær i Stortinget og medlem av justiskomiteen 1889–91. Frå 1892 til -94 var han medlem av Lagtinget, valkomiteen, fullmaktskomiteen og justiskomiteen. Då partigrupperingane vart danna i 1883, melde Nilssen seg inn i Venstre. Seinare vart han boden statsrådsplass av påtroppande statsminister Johannes Steen, men avslo.
Nilssen overlet lensmannsombodet i Gjemnes til sonen i 1908. Han vart utnemnd til riddar av 1. klasse i St. Olavs Orden.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Bokmålswikipedia
- Biografisk informasjon om Ole Nilssen NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Einskildmenn
- Fødde i 1829
- Døde i 1912
- Stortingsrepresentantar 1865-1867
- Stortingsrepresentantar 1868-1870
- Stortingsrepresentantar 1871-1873
- Stortingsrepresentantar 1874-1876
- Stortingsrepresentantar 1877-1879
- Stortingsrepresentantar 1880-1882
- Stortingsrepresentantar 1883-1885
- Stortingsrepresentantar 1886-1888
- Stortingsrepresentantar 1889-1891
- Stortingsrepresentantar 1892-1894
- Stortingsrepresentantar for Møre og Romsdal
- Stortingsrepresentantar frå Venstre
- Ordførarar i Tingvoll
- Ordførarar i Straumsnes
- Norske embets- og tenestefolk
- St. Olavs Orden
- Folk frå Tingvoll