Ole Olsen (1850-1927)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Byste av Ole Olsen (1850-1927)

Ole Olsen (4. juli 18509. november 1927) var ein norsk romantisk komponist. Han var og den fyrste dirigenten til Frimuraranes orkester i Noreg.[1]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Oppvekst i Hammerfest[endre | endre wikiteksten]

Far til Ole Olsen var organist i Hammerfest. Ole var ein musikalsk gut, og som 6-7 åring var han vikar for faren.

På denne tida fanst det ikkje aviser. Difor gjekk ein politibetjent rundt i byen og las opp kunngjeringar og auksjonsplakatar. Ole fekk jobb som trommeslager. Når folk høyrde tromminga visste dei at det ville komme ei kunngjering.

Studiar[endre | endre wikiteksten]

Frå 1870 til 1874 studerte han ved musikkonservatoriet i Leipzig. Her komponerte han ein symfoni i G-dur og byrja på operaen Stig Hvide.

Komponist i Oslo[endre | endre wikiteksten]

Han flytta så til Christiania (Oslo) der han arbeide som komponist, dirigent og musikklærer. I åra 1877-80 vikarierte han i "Musikkforeningen" medan dirigenten Johan Svendsen var i utlandet. I 1879 gifta han seg med Marie, dotter til pianofabrikanten Karl Hals.

I 1884 vart han dirigent for "annen brigades musikkorps" i Oslo, og var 1899-1919 armémusikkinspektør med majors rang. Han var også aktiv i Kunstnerforeningen.

I 1912 vann Olsen Petter Dass-medaljen. I 1920 vart det reist ein bauta med byste av han i Hammerfest. Han står på Ole Olsens plass i dag.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Mest kjend er Solefaldsang frå operaen Svein Uræd til tekst av Nordahl Rolfsen. Han skreiv også operaen Lajla.

Olsen skreiv sjølv teksten til fleire av operaene. Ein skriftsamling, kalla Digte, vart gitt ut etter at han var død. Kjend er også «11 klaverstykker», stykke for klaver i nasjonalromantisk stil. Han laga også ein suite for klaver og strykarar som er basert på desse stykka.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]