Ole Olsen Evenstad (1766–1833)

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Minnebauta over Evenstad nær Stor-Elvdal kyrkje

Ole Olsen Evenstad (23. september 176620. februar 1833) var ein lensmann, gardbrukar, eidsvollsmann og stortingsmann frå Storelvdal.

Evenstad vart våren 1783 lensmann i heimbygda etter far sin, knapt 17 år gammal. Denne stillinga hadde han heilt til han døydde. I 1803 overtok han farsgarden, storgarden Evenstad. Kring om 1800 stifta han, og styrte, Enighets fabrik. Dette var eit patriotisk tiltak for Åmot, som noko tid dreiv eit ull- og bomullsspinneri. Han var elles med i forlikskommisjonen frå 1824.

I 1814 var Evenstad utsending frå Hedmark til riksforsamlingaEidsvoll. I avrøystingane fylgde han sjølvstendepartiet. Innvald også på Stortinget 1824, han var då medlem av komiteen om kjøpstad på Oplandene og komiteen om berg- og skogvesenet. Ein samnemnd bror, Ole Olsen Evenstad, vart vald til stortingsrepresentant for 1833, men møtte grunna sjukdom ikkje.

Han døydde på Evenstad i 1833.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]