Ole Olsson Amundrød

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ole Olsson Amundrød
Fødd 30. mai 1771
Tjølling i Vestfold
Død 24. mars 1835 (63 år)
Parti Sjølvstendepartiet
Yrke Gardbrukar
Verv Medlem av Riksforsamlinga på Eidsvoll
 - valkrins Laurvigs grevskap
Minnebauta over Ole Amundrød og Iver Hesselberg ved Tjølling kyrkje

Ole Olsson Amundrød eller Olsen, (30. mai 177124. mars 1835) var ein norsk gardbrukar og eidsvollsmann.

Ole Olsson Amundrud var frå garden Østby i Tjølling i Vestfold. Han var frå 1789 omgangsskulelærar i heimbygda. År 1800 vart han utnemnd til klokkar og skulehaldar i Tjølling. Denne kombinerte stillinga hadde han til 1810. Han gifta seg til garden Ommundrød / Amundrød i Tjølling, og dreiv denne frå 1813. Han og kona Ingeborg Maria fekk etter kvart åtte born.[1]

Amundrød vart i 1814 vald til 3. representant for Laurvigs grevskap til riksforsamlinga på Eidsvoll. Her knytte han seg til Sjølvstendepartiet. Til det overordentlege storting seinare same året var han varamann (suppleant).

Etter at han kom heim att frå Eidsvoll i 1814 bygde han om bustadhuset på Amundrød til eit kombinert gjestgjevarhus og skysstasjon. Bygninga brann ned i 1902.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Amundrød, Ole Olsen (Eidsvollsmann). Eidsvollsmennenes etterkommere / Eidsvoll 1814. Vitja 6. februar 2015.
  2. Jørgen Solstad (2014) «Ole Amundrød og gården Amundrød i Larvik» – i: De kom fra alle kanter - Eidsvollsmennene og deres hus (red. Jørn Holme), s. 227 – Cappelen Damm. ISBN 978-82-02-44564-5.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]